Close

Praktikant

Førde, Firda, førarkort

Eg har nekta for at eg kom til å skaffe meg førarkort i nesten ti år. Det var korkje eit ynskje eller eit behov for meg som vaks opp fysisk i Trondheim, og politisk i miljørørsla. Mykje har skjedd på dei ti åra. No har eg praktikantplass på Nynorsk avissenter, […]

Read More

Farvel pandemistorbydrit

Det var i åttetida på kvelden mailen tikka inn. Eg opna telefonen med spente fingrar. Hjartet banka då eg skumma gjennom teksten med målretta auge. Hjartet slo raskare no. Eg stoppa opp. Der stod det. Svart på kvitt. Eg var kalla inn på intervju. Eg kjente noko pompøst breie seg […]

Read More

Vegkrysset mitt

E39 er ikkje den strakaste vegen. Mellom heimbyen Bergen og Ålesund, som slekta mi kjem frå, snirklar asfalt og gardar seg mellom svoltne sauer og frodige fjell. Og midt i hovudpulsåra ligg vegkrysset i mitt liv. Ikkje byen eg vaks opp i, men staden eg vaks opp med. Førde. For […]

Read More

Med historie i glaset

Eg har så vidt landa ein fot i Førde før eg får beskjeden om å skrive ein tekst i avisa. Ein petit – altså ein kort tekst. Med den andre foten framleis planta i vindruene er alt eg kan tenke på Chablis. Etter nokre gode år som tilsett i polet […]

Read More

Eg er ein annan

Eg var ikkje ho som snakka høgast i klasserommet. Eg ville berre skrive. Men i mi tid i Oslo-skulen klarte eg å sabotere nynorsken min fullt og heilt. Men så byrja eg etter kvart å få auga opp for nynorsk poesi. Dei vakraste dikta om kjærleik, dei gjer seg ikkje […]

Read More

Alle gode ting er 33?

Mine venner har einebustad, fast jobb, bil og to ungar. Eg – eg får stipend og bur i kollektiv på Solvang. Litt trasig, tenkjer kanskje du? Ganske fantastisk, tenkjer eg! For kven av mine venner kan hive seg rundt og søkje praksisplass i Firda berre fordi det høyrest kjekt og […]

Read More

Heime ale – borte gale?

Slik lyder eit gamalt sogneuttrykk, og som den heimfødingen eg er, var eg ikkje nett høg i hatten då eg køyrde gjennom Fjærlandstunnelen. På veg mot fire månader i Sunnfjord og bygdebyen som for meg har vore synonymt med sentralsjukehuset og Sparkjøp. Den gamle kveldsbøna «Herre! Hent meg ikkje heim […]

Read More