Close

Etter nyttår kjem desse fem til Førde

Julia Louise Eriksen Leo (23), Maren Kristine Køgel Mandt (29), Knut Inge Gjønnes (26), Synne Kaisdatter Krogstad (30) og Tale Heid Kongsvik Aga (27).

Del innlegg

Rett over nyttår er vi i gang igjen. Denne gongen med to trønderar, ei frå Buskerud, ei frå Oslo og for første gong: ein praktikant frå Tromsø.

Synne Kaisdatter Krogstad (30), Maren Køgel Mandt (29), Knut Inge Gjønnes (26), Julia Leo (23) og Tale Heid Kongsvik Aga (27) er tilsette i Nynorsk avissenter. Frå 4. januar og ut april skal dei vere i Førde, få opplæring i avissenteret og skrive for Firda. I mai og juni skal dei ha ekstern praksis i aviser eller andre medium rundt om i landet.

Utover nyåret vil Firda sine lesarar bli kjende med det dei nye praktikantane produserer.

Har du lyst til å vite litt meir om kven dei er, og kvifor dei vil bli nynorskskrivande journalistar? Det hadde vi også. Derfor utfordra vi dei til å skrive litt om seg sjølv. Under kan du lese kva dei skriv.

Synne Kaisdatter Krogstad (30), Levanger

Som barn fekk eg reise mykje saman med familien, og eg vart tidleg merksam på korleis folk rundt om i verda lever på heilt andre måtar enn meg sjølv. Dette gjorde at eg blei nysgjerrig på menneske og kulturar, og bidrog til at eg valde å studere afrikastudium og utviklingsstudium, før eg enda med bachelor- og mastergrad i sosialantropologi ved Universitetet i Bergen.

Journalistikk har likevel alltid vore eit yrke eg har vore fascinert av, og det var godt å sjå på UiB sine sider at det var ein mogleg karriereveg for antropologar.

Ved sida av studia har eg jobba med menneske i sårbare livssituasjonar, og eg har sett kor mange som blir overlatne til å kjempe sin eigen kamp utan dei nødvendige ressursane. Det har gjort at eg har vorte oppteken av å bidra til å gi dei ei stemme. Dette tok meg mellom anna til Lisboa, der eg som masterstudent undersøkte korleis livet der er for folk som er avhengige av rusmiddel.

Det same engasjementet tok eg med meg sist sommar då eg for første gong fekk prøve meg som journalist i Trønder-Avisa.

Gjennom studietida vart eg òg oppteken av å skrive tilgjengeleg etter å ha lese artikkel etter artikkel full av unødvendig akademisk språk. Nynorsk passar godt inn i den kampen. Sjølv om eg har skrive bokmål heile livet, håpar eg at det å skrive på nynorsk kan gjere journalistikken tilgjengeleg for fleire. I tillegg tenkjer eg det er flott å kunne bidra til å ta vare på norsk språk og kultur.

Maren Køgel Mandt (29), Bærum/Hemsedal

Eg hadde aldri eit tydeleg ønske om kva eg ville bli når eg blei stor. Det var vanskeleg å velje, alt verka spennande. Eg har alltid sett på meg sjølv som ein lidenskapleg og nysgjerrig person. Å forstå verda rundt meg, kvifor ting skjer og korleis dei heng saman har alltid vore ei drivkraft.

No er eg stor, og sjølv om vegen til yrkeslivet ikkje starta heilt som eg såg føre meg, kjenner eg at noko tek fyr inni meg når eg får vere journalist. Sidan eg fullførte bachelorgraden i TV- og dokumentarregi har eg følt at eg har hamna i eit hamsterhjul der eg jaktar det eine prosjektet etter det andre. Sjølv om eg har jobba på mange spennande og artige realityprogram, har eg kjent på eit sakn i arbeidslivet.

Det var først då eg fekk eit sommarvikariat i lokalavisa Hallingdølen at brikkene fall på plass. Å stikke nasen borti ulike saker, snakke med mange folk og lage små og store saker som blei viktige for lokalmiljøet, vekte lidenskapen og nysgjerrigheita i meg.

Å skrive nynorsk er ikkje naturleg for meg. Eg vaks opp i Bærum på Austlandet, men familien min og eg brukte mykje tid i Hemsedal. Me flytta til dalen då eg fylte 16, og Hemsedal er plassen eg reknar som heime. Eg har alltid hatt ei sterk tilknyting til plassen, så sjølv om eg ikkje starta å svalle hallingdialekten, kjenner eg at nynorsk fører meg nærare heime. Å skrive nynorsk blir derfor eit aktivt val.

Eg trur dei som seier at det norske språket er fattigare enn engelsk, har gløymt av nynorsken, her er det rikeleg med formuleringar. Nynorsk er eit samlande og spennande skriftspråk med stor variasjon, og ein viktig hjørnestein i vår felles historiske kulturarv. Det er noko særeige som gjer oss unike. Eg vil bli nynorskskrivande journalist fordi eg vil skrive opplysande saker og fange historier som engasjerer, samtidig som eg tek del i å forvalte det unike ved norsk identitet og kultur.

Knut Inge Gjønnes (26), Gjønnes i Sør-Trøndelag

Eg kan ikkje late som at eg kjem til Førde som nokon nynorskkløppar. Trøndelag har vorte eit bokmålsfylke, og eg gjekk aldri imot akkurat den straumen. Ein blir jo eksponert for målforma gjennom både bøker, sidemålsundervisning og andre medium. Eit spesielt tydeleg minne er frå dei første Game of Thrones-sesongane, som faktisk gjekk på NRK, med nynorsk tekst. Trass desse inntrykka tenkte eg eigentleg aldri at nynorsk var noko eg trong å gjere noko meir med enn å beundre på avstand etter enda vidaregåande opplæring.

Men eg er og blir oppteken av kor eg kjem ifrå. I Norge er vi stolte over dialektene og heimstadene våre, og mållag og målfolk i store byar og små grender gjer eit viktig arbeid for å bevare, dokumentere og framsnakke dialektmangfaldet i seg sjølv, men også kva som gjer talemålet i kvart enkelt dalføre så unikt. Og nettopp dette med dialektnærskap var noko eg vart spesielt medviten då eg fekk prøve meg som sommarvikar i lokalavisa heime. Første gong eg skulle gje att nokre sitat sagt på orkdalsmålet skriftleg, slo det meg at eg kanskje ville kome nærmare det han eg intervjua faktisk sa dersom eg skreiv på nynorsk. For dykk er nok dette ganske innlysande, men for meg var det ei aldri så lita aha-oppleving, og eg byrja å leike med tanken på å byte målform.

I tillegg til ei interesse for språk, har eg alltid hatt eit stort samfunnsengasjement, noko som har fått utspring i både frivilligheit og val av utdanning. Journalistar arbeider tett på samfunnsstrøymingane, og det er også dei som formidlar utviklinga der til resten av befolkninga. Eg har som nemnt fått prøvd meg litt i denne rolla, og forsmaken på ein kvardag med dette arbeidet har gitt meirsmak.

Det å kunne lære eit skriftmål som ligg nærare mi eiga dialekt, har denne stolte tradisjonen og attpåtil, dersom du spør meg, kling finare enn bokmål, er ei gyllen moglegheit eg grip utan å nøle. Og dette kjem jo i tillegg til ei praktisk og grundig journalistutdanning i det som for meg er ein relativt uutforska landsdel. Eg gler meg!

Julia Leo (23), Tromsø

Då eg var barn og voks opp i Tromsø, snakka eg og venninnene mine bokmål medan vi leikte med Barbie. Vi gjekk inn i ei seriøs rolle, så å spele med vår eiga dialekt kjentest feil og var noko vi unngjekk for å ikkje gjere oss til latter. Eg hugsar at eg opplevde filmar som mykje meir spennande enn viss eg skulle sjå eit stykke på Hålogaland Teater i Tromsø. Sett i retrospekt trur eg det var noko med å bli underhalden på si eiga dialekt som blei rart, samanlikna med filmane der dei nesten alltid snakka austlandsk.

Ord som «no» vart gjennom oppveksten til «nå» og gjennom mine 18 år i Tromsø klarte eg ubevisst å forfine dialekta mi til å passe bokmålet vi skreiv på skulen. Som barn skjønte eg ikkje omfanget av talestandardiseringa og kor direkte følgene var av å ikkje høyre si eiga dialekt. Sjølv om eg ikkje er oppvaksen som nynorskbrukar, har nynorsken noko å seie for forholdet eg har til mi eiga dialekt, og nynorsk gjer det meir ope for at eg kan vere stolt av henne. Nynorsk representerer dialektmangfaldet i Noreg, og dersom nynorsken blei meir likestilt bokmål, trur eg at dialekta mi ville forandra seg mindre.

Heile livet har eg hatt ei sterk interesse for språk. Eg er frå ein nordnorsk-italiensk heim, har budd eitt år på vidaregåande i Frankrike, hatt russisk som språkfag på skulen og utveksla til Sør-Afrika under bacheloren i internasjonale studium på UiO. Når døra til eit nytt språk opna seg, vert verda opplevd så mykje større. På same måte føler eg i dag at språkmangfaldet i Noreg skapar ei ny djupne til teater, film og bøker. I møte med andre språk og kulturar har eg kjent eit større behov for å kjenne til mitt eige.

Det tok meg lang tid å forstå at det var journalist eg ville bli. Det einaste eg var heilt sikker på, var at eg ønskte ein jobb med meining og ein samfunnsverdi. Det var ikkje før eg skreiv bacheloren min at eg skjønte eg ville jobbe med formidling. Å undersøke vanskelege tema og gjere informasjon forståeleg for alle, er for meg det mest spennande med journalistikken. Mitt mål som journalist er å medverke til ei bevisstgjering i samfunnet og gjere forsking tilgjengeleg for alle. Å bli ein nynorskskrivande journalist kjennest endå meir stas då det samtidig vil gjere at fleire føler seg sett, og eg får bidra til å styrke den norske kulturarven.

Tale Heid Kongsvik Aga (27), Geilo

Eg er fødd og oppvaksen på Geilo og kjem frå ein familie der dialekt alltid har vore ein naturleg del av kvardagen. Foreldra mine snakkar begge dialekt, og eg har sjølv vakse opp med ei sterk tilknyting til distrikta. Nynorsk har alltid vore sidemålet mitt, og eg skal ikkje late som om eg har skrive nynorsk kvar dag. Likevel har eg alltid sett pris på språket og meint at det har ein viktig plass. For meg handlar det mykje om at nynorsken gir rom for dialektane våre og for språklege uttrykk som elles lett kan bli mindre synlege. Eg synest det er noko fint i at vi har eit skriftspråk som ligg tettare på måten mange faktisk snakkar på.

Nysgjerrigheita mi har nok vore ein ganske tydeleg raud tråd i livet mitt. Eg har alltid likt å forstå kvifor ting skjer, og eg kan fort bli sitjande og lese meg langt inn i eit tema berre fordi eg plutseleg byrja å lure på noko. Det var også noko av grunnen til at eg enda opp med å studere utviklingsstudium og seinare politisk kommunikasjon. Gjennom studia har eg fått arbeide med politikk, media, internasjonale spørsmål og samfunnsutvikling, og eg har blitt endå meir oppteken av korleis verda rundt oss blir forklart og formidla.

Etter mange år på universitetet merka eg likevel at eg hadde lyst til å gjere noko meir praktisk med denne interessa. Eg liker å skrive og analysere, men eg har også lyst til å møte menneska bak sakene, stille spørsmål og finne ut av ting sjølv. Det er noko av det som trekkjer meg mot journalistikken. Eg synest det verkar spennande å kunne gå inn i eit tema ein kanskje veit lite om frå før, snakke med ulike menneske og prøve å forstå kva som eigentleg skjer. Og så må ein klare å formidle det på ein måte som gjer at andre både forstår og får lyst til å lese vidare.

Eg kjem ikkje til Nynorsk avissenter som ferdig journalist, og eg kjem heller ikkje som ein som er heilt trygg på nynorsk. Det er nettopp noko av det eg gler meg til å lære. Eg håpar å bli tryggare på å skrive nynorsk og bruke det som eit levande journalistisk språk, samtidig som eg får lære sjølve handverket. Eg tek med meg mykje samfunnsengasjement, ei stor dose nysgjerrigheit og eit ganske sterkt behov for å finne ut kvifor ting er som dei er. No gler eg meg til å sjå kva som skjer når eg får bruke det i ein redaksjon.