Close

Ordføraren svarte ikkje. Praktikantane spora han opp

Ingeborg Bjørke (til venstre) og Josefia Longva Danielsen fekk til slutt eit vellukka intervju med ordføraren i Askvoll.

Del innlegg

Her snakkar vi oppsøkande journalistikk.

Haustens praktikantkull er godt i gang! Tradisjonen tru reiste dei til Askvoll for å lage sine første avissaker frå kystkommunen.

Askvoll var ein av dei siste kommunane som kong Harald rakk å besøke. I tillegg har bygda nyleg fått seg nye trampoliner i ein leikepark i sentrum, som tidlegare måtte stenge på grunn av for mykje sprett.

Med andre ord var behovet stort for å intervjue ordføraren, Ole Andre Klausen.

Då Ingeborg Bjørke og Josefia Longva Danielsen skulle få intervjuavtale var Klausen positiv, men då dei skulle avklare tidspunkt slutta han å svare. Då var gode råd dyre. Med faglærar Ivar Bruvik Sætre som «støttekontakt» i Firda-bilen, fann dei adressa der ordføraren budde.

Ein kort køyretur seinare trefte dei sambuaren hans, som stolt viste fram ein kukalv som nyleg hadde kome til verda. Men ordføraren var ikkje å sjå. Då sambuaren ringte etter han, svarte Klausen. Han var ute på ein bø og slo gras.

Josefia og Ingeborg køyrde vidare, etter å ha fått nokre munnlege vegskildringar. Dei saumfarte området, men såg ingen traktorar i sving. Josefia svarte med å ringe på døra hos to hus, men ingen kom ut.

Då dei var på nippet til å gi opp, testa dei ein siste grusveg, som viste seg å føre fram til endå ein gard. Og der ute på bøen kunne dei skimte ein traktor i rørsle!

Dei troppa opp på bøen, Klausen steig ut av traktoren, sveitt, men imøtekommande. Og med det var dagen redda!