Måndag starta kull 27 på Nynorsk avissenter! Dei kom med sola. Kjenner vi Vestlandet rett vil sola vike plassen for regn etter kvart – men praktikantane gler seg til å skine som journalistar for Firda i haust.
– Dei første dagane har vore utruleg kjekke. Eg gler meg veldig til resten, seier Josefia Longva Danielsen.

Hafstadkleiva er bratt. Det er også læringskurva desse fem skal ha dei neste månadane.
Dei fire som jobbar på Nynorsk avissenter gler seg også.
– Det er alltid kjekt og spennande å ta imot nye praktikantar. Dei dagane vi har hatt saman så langt lovar veldig godt. Dette blir kjekt! Vi gler oss til å komme skikkeleg i gang med nynorsk og journalistikk, seier dagleg leiar på Nynorsk avissenter, Ingunn Osland.

Kjell Ove Nordeide viser rundt i Førde.
Dei første vekene har vi eit tettpakka program, mange kurs, mykje å sette seg inn i, og mykje å ta inn. I tillegg er det veldig sosialt. Det er travelt, men givande.
– Målet er å gjere dei til gode nynorskskrivande journalistar før dei skal vidare til andre aviser over nyttår, seier Osland.

Framfor sin nye arbeidsplass. Frå venstre: Helene Midtbø Bjørkedal. Josefia Longva Danielsen, Herman Mortensen, Luca Lukas og Ingeborg Bjørke.
Om eit par veker vil også Firda sine lesarar oppdage dei nye skribentane i spaltene.
Fram til jul vil Helene, Josefia, Herman, Luca og Ingeborg vere i Førde , og alt dei produserer vil bli publisert i Firda. I januar og februar neste år vil dei vere i praksis i ei sjølvvald nynorskskrivande avis. Etter det skal er dei klare for å søke jobb i aviser og mediebedrifter der ute som både har behov for og ser etter gode nynorskskrivande journalistar.