Close

Desse fem kjem til Førde i august

Helene Midtbø Bjørkedal, Luca Lukas, Josefia Longva Danielsen, Herman Mortensen og Ingeborg Bjørke.

Del innlegg

No er det klart. Helene, Luca, Josefia, Herman og Ingeborg er kull 27 i Nynorsk avissenter.

17. august kjem dei til Førde og Nynorskhuset for ein hestekur i nynorsk og journalistikk.

Helene Midtbø Bjørkedal (32), Luca Lucas (28), Josefia Longva Danielsen (26), Herman Mortensen (22) og Ingeborg Bjørke (28) er no tilsette i Nynorsk avissenter. Fram til jul skal dei vere i Førde og få opplæring i avissenteret, samtidig som dei skriv for Firda. I januar og februar 2027 skal dei ha ekstern praksis i aviser eller andre medium over heile landet.

Utover hausten vil Firda sine lesarar bli kjende med det dei fem praktikantane produserer.

Har du lyst til å vite litt meir om kven dei er, og kvifor dei vil bli nynorskskrivande journalistar? Det hadde vi også. Derfor utfordra vi dei til å skrive litt om seg sjølv. Under kan du lese kva dei skriv.

 

Helene Midtbø Bjørkedal (32) frå Svelgen

Det nynorske språket har alltid stått meg nært. Eg har vakse opp på Vestlandet i ei bygd med nynorsk som administrasjonsspråk, og ei dialekt som er nynorsknær. Då eg var lita var bokmål liksom berre noko vi såg på TV, og eg hugsar eg vart litt overraska som ungdom då eg oppdaga at nynorsken kanskje ikkje stod så sterkt som eg trudde, berre ein liten time unna bygda mi. På vidaregåande fekk eg augo opp for viktigheita av nynorsk som skriftspråk, og vart meir oppteken av å ta vare på språket. For som vi veit – språk er ein viktig identitetsmarkør som viser kven ein er, kvar ein kjem frå, og sjølvsagt kva ein ønskjer å formidle. Frå tidleg av las eg mykje nynorsk, men på vidaregåande hugsar eg spesielt då vi skulle analysere kåseriet «Rautegauken kjem» av sjølvaste kåseri-meister Are Kalvø. Eg vart heilt oppslukt, og seinare har eg vel lese alt Kalvø har skrive. Også masteroppgåva i nordisk litteratur vart farga av Are Kalvø, og han har framleis ein naturleg plass i undervisinga mi i skulen.

Eg var usikker på kva eg ville då eg skulle bli student i den store verda, og lenge stod faktisk journalist øvst på ønskelista. Karrierevegen tok likevel ei anna retning, og etter eit årsstudium i sosialantropologi gjekk vegen vidare til ei lektorutdanning i nordisk litteratur. Mine største faglege interesser ligg i temaet kulturmøte – anten det er mellom folk, eller i litteraturen som eg også er oppteken av. Kombinasjonen av å vere nyfiken, merksam og omsorgsfull gjorde at lektoryrket appellerte til meg, og desse eigenskapane håpar eg vil vere nyttige som journalist.

Eg har alltid vore glad i tekst, og som norsklektor får ein jo jobba mykje med nettopp tekst. Å skrive sjølv blir det jo litt lite tid til, og det er denne skapargleda som vekker merksemda mi no. Som journalist håpar eg å kunne vise at det nynorske språket er eit flott og levande språk – det er ikkje berre eit fag på skulen. Vi har ingen ord å miste, og eg trur det er viktig at vi utviklar språket på same tid som at vi held ved like tradisjonar. Eg håpar på å få skrive om menneskemøte, om kultur og litteratur – og ikkje minst den flotte naturen rundt oss. Eg vil engasjere, opplyse og motivere:

Som Jon Fosse sa: «Nynorsken døyr ikkje. Du døyr, eg døyr, men nynorsken skal leva!»

Luca Lukas (29) frå Grimstad

Eg har brukt fleire år på å finne ut kva og kven eg skal bli, utan heilt å finne ei tydeleg retning. Undervegs har eg studert språkvitskap, informatikk og tradisjonskunst, og jobba som formidlar på Norsk Folkemuseum. Eg har prøvd meg fram i mange ulike retningar, men det har vore ein tydeleg fellesnemnar: interessa for å skrive, formidle og forstå historier, og å arbeide saman med andre menneske. Likevel stod eg lenge utan å vite kva eg skulle gjere vidare. Eg hadde eigentleg ikkje vurdert journalistikken som eit alternativ – det får vere grenser for kor mykje utdanning ein skal ta før fylte tretti år. Men då eg såg utlysinga frå Nynorsk avissenter, vart det tydeleg for meg at dette er noko eg vil.

Som journalist får eg bruke skrivegleda mi og interessa for å formidle historier, og gjere dei mange og sprikande interessene mine til ein styrke heller enn eit forvirringsmoment. Å få skrive journalistikk på nynorsk er ein viktig del av det som trekkjer meg mot denne moglegheita. Eg er ikkje oppvaksen som nynorskbrukar, og hadde lenge eit ganske passivt forhold til nynorsken. Det endra seg då eg byrja å studere språkhistorie. Nynorsken vaks fram for meg som noko levande, og eg byrja å sjå spor av språkhistoria i han. Eg såg meininga i at nynorsken er bygd opp av dei norske dialektane, og at han på den måten ber med seg ei historie om språket vårt. Det som ofte blir oppfatta som unødvendige kompliseringar av oss bokmålsbrukarar, er spor av gamle språkendringar som er betre bevart i nynorsk enn i bokmål. Nynorsken er eit utspring av noko gamalt, som eit grønt skot på eit stort tre med djupe røter. Han ber med seg historia, samstundes som han er noko nytt og levande. Nynorsken er ei viktig forankring for dialektane våre og det dialektmangfaldet me er så stolte av i Noreg. Når ord og bøyingar som finst munnleg i dialektane også får ein plass i skriftspråket, får dei ei tydelegare rolle i det offentlege rommet, og blir dermed mindre sårbare for å forsvinne. Eg ynskjer å bli nynorskskrivande journalist, og vere med på å halde nynorsken levande som eit språk som kan brukast til alt, gjennom å formidle små og store historier i samfunnet vårt.

Josefia Longva Danielsen (26) frå Sjøholt

Korleis vi ser verda rundt oss er farga av dei førestillingane vi har skapt gjennom det vi les, høyrer og opplever. Mykje av det vi tek for gitt, er ikkje noko sjølvsagt, men etablerte sanningar vi sjeldan stiller spørsmål ved i kvardagen. Sosiologien har hatt som mål å bryte dette sløret og gi oss eit nytt blikk på verda. Gjennom kunnskap kan vi oppnå fridom: eit meir ope og reflektert perspektiv på samfunnet rundt oss.

No sit eg med siste innspurt av min master i sosiologi ved NTNU i Trondheim. Gjennom studiet har eg utvikla eit analytisk og kritisk blikk på samfunnet. Eg er oppteken av å forstå kvifor ting er som dei er – og ikkje minst å formidle denne forståinga vidare på ein måte som engasjerer og gir meining for fleire.

Eg har alltid vore nysgjerrig på verda rundt meg og likt å utforske både i nærområde og langt heimanfrå. Ein ny fjelltopp eller ein ny matrett i eit nytt land gir meg stor glede. Å ha ein kvardag med mykje fart i har eg hatt sida eg var lita, ettersom eg engasjerer meg i mykje, alt frå cheerleading til å vere barservitør. Møte med andre menneske gir meg energi, og eg trivst i samtaler der ulike perspektiv kjem fram og eg kan lære noko nytt. Eg er også sta, og likar å diskutere det som kjennast viktig. Nettopp denne nysgjerrigheita og interessa for menneske er grunnen til at journalistikken tiltrekkjer meg. Journalistikken har både moglegheita og makta til å utfordre måten vi ser verda på, og til å gi innsikt i det som skjer rundt oss. Journalistikk handlar om å bryte ned komplekse tema, stille dei viktige spørsmåla og skape rom for dialog. Dette er eit viktig samfunnsoppdrag, og med sosiologi i ryggen ønskjer eg å bidra til nettopp dette.

Eg er oppteken av at kunnskap blir formidla slik alle kan forstå, og nettopp derfor meiner eg at nynorsken har ein særskilt plass i å kunne gjere dette. Ved å vere eit skriftspråk med røter i talemålet kan nynorsk gjere teksten nær, levande og lett å forstå. Det skaper ei kjensle av at teksten snakkar til deg og opnar for ein dialog mellom tekst og lesar. For meg ligg det ein eigen magi i dette.

Herman Mortensen (23) frå Oppegård

Eg er halvt vestlending, halvt nordnorsk og austlending tvers igjennom. Eg kjem frå Oppegård i Akershus, innflyttarslekt med mor frå Årdal i indre Sogn og far frå Kvænangen nord i Troms. Eg har alltid tykt det er løye når folk seier at det er urealistisk at familiar på TV har ulike dialekter i same hus. Eg har vakse opp med nett den typen målmangfald heime. Eg vaks òg opp med nynorsk heime, men sidan eg vaks opp i Oppegård kommune hadde eg bokmål i skulen. Då eg byrja på universitetet vende eg heim til nynorsken.

Eg har no fått litt fartstid i målungdomen, og har sete i bladstyret i to periodar. Det er få nemnder att eg ikkje har sete i. Målungdomen jobbar for å gjera nynorsken synleg, det er noko eg er veldig samd i. Og då  er det ofte lettast å brette opp ermane og gjera det sjølv. Utover nynorsk er eg forviten på mange andre mål. Eg har studert både arabisk og islandsk på Universitet i Oslo og Háskóli Íslands. Eg er ein nokså nyfiken esperantist sjølv om eg ikkje kan seia eg er så god. Eghar gjort mange freistnader på å betra tysken min – sjeldsynt vellykka, men alltid gøy! 

Eg har òg ein bachelor i religionsvitskap, der har eg lært mykje om kultur og religion. Polariseringa me ser i dag er ein av truslane mot demokratiet vårt. Kanskje kunne ei betre forståing av andre kulturar roa denne? Media skal byggja bruer og hjelpa folk skjøna andre synspunkt. Dette vil eg hjelpa til med.

Eg vart ein gong fortald av ein lokalpolitikar at «bokmål er prosaisk, nynorsk er poetisk». Ho meinte dette var eit komplement. Eg les ikkje dikt, men eg les avisa og eg vil ha meir prosaisk nynorsk. Eg vil skriva for å formidla dei sakene folk bryr seg om, du treng ikkje høgtsvevande poetisk språk når du har ei god historie!

Ingeborg Bjørke (28) frå Kvam

Nysgjerrigheita mi kom tidleg. Eg har alltid undra meg over ting, og likt å læra, kanskje særleg ute i naturen. Dei tinga eg hugsar best i dag, er ting eg har lært ute på tur eller i arbeid på garden heime i Hardanger. Natur og tid ute er kanskje noko med det beste eg veit. Å bevega meg, kikka på utsikta og kjenne lukta av vårsmelting i fjella.

Kjærleiken for naturen har og ført til eit behov for å halda meg oppdatert, og Bergens Tidende sine debattsider for ungdom vart tidleg ein favoritt. Seinare fekk eg augo opp for populærvitskapleg formidling, både i bok-, podkast- og artikkelform, og dagdraumen om ei framtid i ein avisredaksjon vart tent.

Tenk om eg ein dag kunne vera den som gjorde forsking tilgjengeleg for allmenta? No har eg vekt dagdraumen til live og søkt Nynorsk avissenter, for å kunne bidra til at folk flest får informasjonen og kunnskapen dei treng. For er det ein ting eg er sikker på, so er det at me treng trygg og nyansert kunnskap i verda.

Nettopp nyansert er eit ord som er viktig for meg, eg ynskjer å delta i nyansering av debatten. Å sjå liva til folk, og naturen me lever i med eit nyansert blikk. Eit blikk som søkjer å forstå og samtidig utfordra. Det er eigenskapar eg håpar å kunna utvikla som praktikant på Nynorsk avissenter. Både for meg sjølv, men òg for lesarane.

Når me er inne på lesarane, eg er trygg på er meg sjølv som nynorskbrukar. Å skriva på nynorsk har aldri vore eit spørsmål, og eg skriv alltid alt på nynorsk. Likevel tek eg meg sjølv i å verta overraska når eg les nynorsk på surmjølkskartongen eller i ein avisartikkel. Det er ikkje so rart, me er trass alt eit mindretal som har nynorsk som vårt skriftspråk. Nynorsk avissenter og nynorskskrivande journalistar eit viktig bidrag til ein offentlegheit der ein kanskje ein dag ikkje merkar at ein les på nynorsk. Det ynskjer eg å bidra med, gjennom eit trufast forhold til skriftspråket mitt.