Close

Avisa er full av praktikantsaker – og Ingeborg har gått viralt

Frå venstre: Herman Mortensen, Luca Lukas, Josefia Longva Danielsen, Ingeborg Bjørke og Helene Midtbø Bjørkedal. Foto: Ivar Bruvik Sætre

Del innlegg

Ein månad ut i løpet er haustens praktikantar begynt å bli varme i trøya – og produserer saker for Firda på løpande band.

Dei er også blitt kløpparar på å lage video.

Ingeborg og Josefia sin video om innskrenka russetid har fått uventa mykje merksemd på TikTok, der den i skrivande stund har nesten 140.000 visningar. 

– Eg har gått viralt, seier Ingeborg Bjørke.

I videoen intervjuar ho elevar på Førde vgs. om ni dagars russetid, som fylkeskommunen foreslår frå 2027 av.

– Veslesøstra til eksen min hadde plutseleg sett meg på TikTok. Eg fekk også melding av ei venninne som hadde sett meg, seier Ingeborg, som var reporter i videoen.

I den andre enden av mediespekteret: I tysdagens papiravis dekorerte dei både fram- og baksida. Dei hadde seks saker i ei og same avis, om alt frå næringsliv og kultur til russetid.

– Det er kjekt å sjå avkastning allereie etter fire veker, seier Josefia Longva Danielsen.

Praktikantopplæringa har mange kurs dei første vekene. I neste fase består dei fleste dagane av praksis i avisa Firda, med eitt og anna kurs innimellom. Det merkar både avislesarane og redaksjonen godt, med flust av nye «bylines» som dukkar opp på nettavisa og i den fysiske blekka.

Her er sakene som praktikantane hadde i tysdagsavisa: