Ho er faktisk den andre frå kullet sitt som blir ansvarleg redaktør.
Synne Muren Olsen var praktikant hos Nynorsk avissenter hausten 2020. Deretter fekk ho fast jobb i Firda, der ho har jobba som både journalist, frontsjef og etter kvart nyheitsredaktør.
Ei periode jobba ho også som faglærar hos Nynorsk avissenter.
Etter seks år i Førde går no turen austover for 32-åringen frå Sveio. Frå nyåret 2027 trer ho nemleg inn i rolla som ansvarleg redaktør i Sarpsborg Arbeiderblad.
Sjølv om Muren Olsen synest det er spennande med nye utfordringar, vedgår ho at det blir vemodig å reise frå Førde og Firda.
– Eg fann meg raskt til rette i både Førde og Firda, og eg trivst utruleg godt saman med kollegaene mine. Samtidig har det lege i korta at eg ville flytte på meg etter kvart, og dette var rette jobben å gjere det for.
– Kva ville du tenkt i 2020 om nokon fortalde at du skulle sitte som ansvarleg redaktør dryge seks år seinare?
– Eg ville nok tenke at dei var heilt på jordet! Eg hugsar framleis at eg sette meg eit femårsmål om å bli frontsjef då eg hadde min første medarbeidarsamtale i Firda – så at det skulle gå så raskt i svingane hadde eg ikkje sett for meg.
Muren Olsen seier at Nynorsk avissenter var heilt avgjerande for at ho fekk seg fast jobb i Firda i 2021.
– Her fekk eg den praktiske erfaringa eg trong, men også eit nettverk og forståing for lokaljournalistikken. Som lærar såg eg journalistikken frå ei anna side, og måtte vere analytisk og kritisk til eigne arbeidsmetodar for å kunne gi god opplæring. Kombinasjonen av desse erfaringane har vore svært nyttig når eg i seinare år har fått leiaransvar i redaksjonen.
I fjor vart ein annan eks-praktikant ansvarleg redaktør i avisa Hordaland på Voss, nemleg Øystein Silde Frønsdal. Han gjekk på Nynorsk avissenter samtidig som Muren Olsen.