Close

Noregs styggaste by?

Del innlegg

Kvifor skal du flytte til Førde? Er ikkje det Noregs styggaste by?

Dette spørsmålet fekk eg frå dei rundt meg på Austlandet, der eg har jobba som lektor dei siste seks åra. Fint vêr «heile tida», nærleiken til Gardermoen og sjølvaste hovustaden med alle tilboda. Dette måtte no vere mykje betre enn Førde?

Tja, joda eg saknar det jo. Så ein får vel unnskulde desse uvitande austlendingane. Mykje gode tilbod, absolutt. Men dei veit vel ikkje betre, desse stakkarane?

Ikkje misforstå meg! Austlendingane er kjekke folk altså, veldig kjekke. Eg saknar dei, ikkje berre vêret og tilboda. Ikkje minst fordi eg fekk så mykje skryt: «Ååå, du snakkker så pent! Hvor er du fra?». Det er klart ein blir smigra. Skryt likar vel alle?

Her i Førde må eg nok leite lenge etter skryt for dialekta mi, for eg har jo faktisk flytta tilbake til heimtraktene. Her kjem vi inn på ein av grunnane til at eg er her nettopp her. Vakre Sunnfjord! Det er dette desse uvitande austlendingane ikkje veit.

Vi har fjell, fjord og ferje. Såg du det knepet? Allitterasjon. Det er eit språkleg verkemiddel. Og ja, forresten, eg er norsklektor av yrke. Og no skal eg bli journalist. Trur eg?

Eg kan opplyse dei uvitande austlendingane om at Førde er fint. Eller ja, ta det med ei klype salt. Lyskrysset i Førde sentrum er jo ikkje fint.

Men det rundt lyskryssa, det er fint det. Dei fire fjella som omkransar Førde kan du nå på ein dag. Om du er glad i å gå langt og lenge, vel å merke. Men du kan. Det får du ikkje til på det sentrale Austlandet.

Så får vi sjå då. Blir eg vêrsjuk, angrar og vil tilbake til dei uvitande, men kjekke austlendingane? Eller blir eg sunnfjording på heiltid?

Fram med allversjakka, paraply og sydvest!