Close

Frå praktikant til ansvarleg redaktør på fem år

Foto: Solgunn Flatebø Mandelid

Del innlegg

Øystein Silde Frønsdal vil ikkje seie at han har «runda» Firda, men sidan 2020 har han hatt alle dei redaksjonelle rollene som er mogleg i avisa. No har han flytta til Voss for å vere redaktør for avisa Hordaland. 

Han starta som praktikant hos Nynorsk avissenter hausten 2020. Deretter fekk han tilbod om fast jobb i Firda, i likskap med fleire på kullet sitt, og takka ja. Sidan den gongen har Frønsdal jobba seg oppover i gradene. Etnebuen har i løpet av sine fem år i Førde jobba som journalist, fronsjef, nyheitsredaktør og ein periode som konstituert redaktør i avisa.

– Eg har lært så mykje at det er vanskeleg å ramse opp alt. Men eg har lært mykje om kva som er gode nyheitssaker, kva som skal til for at dei blir lesne godt. Eg har også lært mykje om folk og kor komplekst og spennande det er å få ein redaksjon til å fungere, seier 29-åringen.

– Har du «runda» Firda?

– Nei, eg kunne fint ha vore der i fleire år og lært mykje meir. Men no dukka det opp ein god sjanse, så då gjaldt det å hoppe på den, seier han.

Sjansen han hoppa på var tilbod om stillinga som ansvarleg redaktør i avisa Hordaland, som held til på Voss. Frønsdal har nett starta i jobben, og jobbar no med å komme inn i alt.

– Dei første dagane har vore fine. Det er litt hektisk og mykje å sette seg inn. Eg har lese meg opp, og brukar tid på å bli kjent med gjengen og heile dekningsområdet. I dag skal eg på tinghuset og møte ordføraren og andre folk der borte.

Frønsdal er utdanna lærar, og hadde erfaring med sommarjobb i avis før han vart praktikant på Nynorsk avissenter. Han er eit godt døme på at vår praktisk retta opplæring kombinert med litt flaks og ståpåvilje kan ta deg langt!