Close

Fem nye praktikantar er på plass!

Marius Rødseth Berg, Mali Engesæter, Lars Håberg Ottesen, Sylvelin Bækken Toft og Ruth Møllerplass Huse.

Del innlegg

Kull 25 på Nynorsk avissenter er i gang! Snart kan du lese kva dei skriv.

– Det er alltid kjekt og spennande å ta mot nye praktikantar. No har vi hatt eit par fine dagar saman, og eg gler meg til dei neste månadene, seier leiar på avissenteret, Ingunn Osland.

Dei første vekene har vi eit tettpakka program, mange kurs, mykje å sette seg inn i og mykje å ta inn. I tillegg er det veldig sosialt. Det er travelt, men spennande.

Her er vi på tur i Førde, med Kjell Ove Nordeide som guide.

Målet er  heile vegen, gjennom ein hestekur i nynorsk og journalistikk skal desse fem bli nynorskskrivande journalistar før jul.

Frontsjef Idar Stadheim fortel litt om kva som møter dei i jobb som journalistar i Firda.

Om eit par veker vil også Firda sine lesarar oppdage dei nye skribentane i spaltene.

Fram til jul vil Marius, Mali, Lars, Sylvelin og Ruth vere i Førde , og alt dei produserer vil bli publisert i Firda. I januar og februar neste år vil dei vere i praksis i ei sjølvvald nynorskskrivande avis.

Under ligg nokre bilde frå dei første to dagane i Førde!

Første besøk i Firda, arbeidsplassen praktikantane skal ha dei kommande fire månadene.

Vidsyn er akkurat det det lovar. Ein stad der vi kan sjå utover praktikanane sin nye arbeidsstad – Førde.

Utsikt gir oversikt. Kjell Ove Nordeide peikar og forklarar.

Det er fleire musikarar i gjengen. Måtte berre ta dette bildet!

Nynorskhuset blir utgangspunktet for dei fem nye praktikantane utover hausten.