Fem nye praktikantar er klare. 18. august kjem dei til Førde for å starte opplæring i Nynorsk avissenter.
Ruth Møllerplass Huse (21) Marius Rødseth Berg (37), Mali Monica Engesæter (21), Lars Håberg Ottesen (38) og Sylvelin Bækken Toft (20) er tilsette i kull 25 på Nynorsk avissenter. Fram til jul får dei opplæring i avissenteret, samtidig som dei skriv for Firda. Deretter ventar to månader i ekstern praksis i nynorskbrukande medium rundt om i landet.
Denne gongen kjem dei frå aust, vest og nord. Nysgjerrig på kven dei er? Les vidare!
Slik presenterer dei fem seg sjølve:
Ruth Møllerplass Huse
Kanskje eg skal prøve Vestlandet no! Munnleg språkforvirra i ein god blanding av gudbrandsdøl, halling og bokmål får eg kanskje eit snev av vestlending også?
Namnet er Ruth, oppvaksen mellom høge fjell og bratte bakkar i Gudbrandsdalen. Foreløpig har eg ikkje funne ut om eg er mest interessert i fjell, folk, musikk, dyr, medisinfaget eller ferskpressa deadline-kaffi. Derfor tek eg like gjerne alt på ein gong.
Hoga på gode historier med skrivekløe i fingrane og eit konstant behov for å forstå kvifor ting er som dei er. Difor søkjer eg meg dit det skjer – med notatblokk, impulsivt pakka sekk og «kaku» på nista.
Det hender titt og ofte at eg flakkar rundt, som ei snøfonn i motvind, men eg landar alltid der eg skal, som regel med ein hund, eit headsett eller ein god idé på slep. Strukturert? Jæggu, så lenge kalenderen er stram, så får vi oversjå resten. Trygg, sosial og full av futt klarar eg meg ikkje ein dag utan kaffi og noko å undre med over. Humor oppstår gjerne spontant og gjerne i kombinasjon med dårleg retningssans og eit snev av overtenking.
No gler eg meg til å vere praktikant, nerde over godt språk, stille (altfor mange) spørsmål og bli kjend med nye folk. Viss eg i tillegg får intervjue nokon som er meir sta enn ei gammal geit, og kanskje med ein rufsete hund, ei ku eller ein sau på slep, då er eg verkeleg i mitt rette element.
Marius Rødseth Berg
Eg kan byrje med at eg er sambuar og katteeigar ein musikkglad vinylsamlar som likar å balansere steinar, bygge bålgrope og gapahuk.
Eg likar meg veldig godt på hytteturar, men aller helst skulle tatt med meg soveposen ut i skogen. Kano er mitt favoritt framkomstmiddel, og eg synest ikkje nødvendig vis ein sti er rette vegen å gå. Fotointeressa er stor, og gammalt kamerautstyr er frykteleg spanande. Eg har gjort mykje forskjellig på mine år, og eg likar å tru at eg kan litt av «alt». Verdsmeister blir eg kanskje aldri, men eg kan lære litt av alt.
Eg er glad i å prate med folk, om mange forskjellige tema. Eg blir fort interessert i andre folk sine synspunkt og erfaringar. Eg er god på å lytte og observere og får med meg det meste rundt meg. Eg brukar også kamera som eit verktøy for å dokumentere det eg observerar.
Utanfrå, kan ein nok sjå ein litt rund og god sunnmøring, med skjegg og smil, og halvlangt hår. Nokon vil nok fort legge merke til at eg har tatovert Sunnmøre på fingrane mine, og går eg i shorts kan ein sjå postnummeret heimanfrå under kneet. Er ein heldig å sjå meg utan sokkelesten får du vite namna på mor og far. Nokre fleire er det, men som mor sa då ho fekk sjå namnet sitt ned på foten min, «det er kanskje nok no».
Kvar onsdag møter eg venner. Du kan sjå oss i ein park med bordtennis, skjeinebrett, med fotball og einspretten. Ein skal ikkje slutte å leike, sjølv om ein blir eldre. Arbeidarane sin dag og resten av helga tok eg med sovepose og hengekøye, fiskestong og litt fiskelykke. For meg er dette den beste måten å bruke fritida på. Utandørs.
Mali Monica Engesæter

Eg har alltid vore ein nysgjerrig person, som likar å bli kjent med nye folk. Når eg får mogelegheit til å skape gode samtalar, der både eg og andre kan lære noko nytt, blomstrar eg. Eg trur gode journalistar er dei som lyttar godt, stiller gode spørsmål og formidlar det dei høyrer på ein truverdig og engasjerande måte.
Ein av mine styrkar er evna til å kommunisere på ein måte som får folk til å føle seg sett. Eg likar godt å snakke med folk. Det spelar inga rolle om dei er 6 eller 60 år, eg er uansett opptatt av å bli kjent med personen. Når eg vågar å by på meg sjølv, opplever eg at folk har mykje på hjartet, og at dei opnar seg. Det å få bidra til å dele og formidle gode historier er ei av årsakene til at eg ynskjer å arbeide innanfor media. Eg ville også likt å løfte fram eldsjeler, talent, kulturengasjement og andre interessante lokalsaker.
Etter mange år som aktiv langrennsløpar står idrett meg nær. Idrett vil alltid ha ein spesiell plass i hjartet mitt, og dermed ville det også vore naturlig for meg å løfte fram både idrettsglede og idrettsaugeblikk. Det er fleire idrettar som får lite plass i lokal media. Det ville vore ei stor glede å få bidra til å løfte fram fleire talent, og vere med på å synleggjere alt det positive som skjer innanfor idretten i lokalsamfunnet vårt.
Heile livet har eg vore mykje ute i naturen, og natur er også ein viktig del av meg. Kanskje vil det vere mogeleg å bidra til å spreie natur og turglede, samt omtanke for naturen gjennom arbeid i media?
Som nynorskbrukar ønskjer eg å bidra til å ivareta språket, og gjere det tilgjengeleg for folk flest. Nynorsk er ein viktig del av min identitet, og eg er stolt av at eg no får vere med på å styrke og synleggjere det nynorske språket i media.
I framtida håpar eg å få jobbe med ei lokalavis, med radio eller podkast, gjerne i ein kombinasjon.
Lars Håberg Ottesen
Eg er ein 38 år gamal vestlending som er busett i Bergen og fødd og oppvaksen i Førde. Eg har arbeidserfaring som fotograf, lærar og arbeidar no med førebyggande ungdomsarbeid. Eg er i ein fase av livet som er prega av at eg har tre små born og ei slags midtlivskrise som litt overraskande har manifestert seg som landevegssykling.
Det er fleire grunnar til at eg ønsker å bli journalist. For meg handlar det både om at det er ein jobb eg trur eg vil trivast godt med samtidig som det for meg er ein meiningsfull jobb.
Journalistikken er viktig for demokratiet vårt, og den er viktig for fellesskapet vårt. Eg har sjølv budd i land kor journalistikken ikkje er fri, og det er som gift for samfunnet. Dette gjer at makt ikkje blir utfordra, og makt blir misbrukt. Slik er det heldigvis ikkje her, men journalistikken i Noreg blir likevel utfordra frå fleire kantar, og det påverkar samfunnet vårt, fellesskapet vårt og demokratiet vårt. Gode journalistar er viktige, og då har eg lyst til å bli ein god journalist.
Sylvelin Bækken Toft
Eg er ein stril i eksil. Det har seg slik. At ei jente som meg har gjort det mest utrulege: Å flytte vekk frå det stolte strilelandet.
Kva var det i denne jenta som gjorde at ho flytta til Noregs eigentlege hovudstad, i ein alder av seksten år? Kvifor ville ho ikkje fortsetje å bu i den kjære bygda si i Nordhordland, der liv og draumar fritt får vekse fram?
Det var hennar tilviste oppgåve frå fødselen av å representere både strilekulturen og målsaka i Bergen by. Ein by full av “Hæ, jeg forstår ikke hva du siar”, “Hvorfor skrivar du nynorsk?” og “Nynorsk bør være valgfritt”. Desse haldningane sette ein gnist i jenta, ho ville få bergensarane til å innsjå kor makelaust det nynorske språket er. Ho kjempa saman med fleire andre strilar for å skape ei haldningsendring, og samstundes betre rettigheitene til nynorskbrukarane. Det var reine Strilekrigen på nytt att, berre anno 2021 og utan valdsbruk.
Etter tre rebelske år i Bergen fekk ho nok av det travle og overfladiske livet i byen. Jenta måtte tilbake til bygda, men denne gongen i form av saft blanda med storslått natur og dialekt. Det var nettopp etter året i Sogndal ho vart overbevist. Ho måtte ut å jakte journalistdraumen. Etter utalelege forsøk på å finne journaliststudier på bygda, fann ho ut at Førde var det næraste ho kom. Sjølv om staden har bystatus, fekk det berre våge seg. Førde hadde jo trass alt det ho leita etter, eit hus til ære for hjartespråket hennar. Det var dessutan på Vestlandet ho høyrde til, med fagre fjell og fjord og tronge vik, og språkleg rikdom. Ikkje minst.