Firda takka for innsatsen med lunsj og kakefest. Fem praktikantar har fått nær 200 saker publiserte sidan nyttår!
No er alle fem starta i ekstern praksis.
Hanne-Therése Runestad har sin eksterne praksis i TV2 innanriks i Bergen. Maria Ghalvazi har også starta i TV2 – i utanriksavdelinga. Etter to månader i TV2 og Bergen har dei begge sommarjobbar å gå til. Hanne-Therése i Jærbladet, og Maria i Sunnmørsposten.
Mathea Kulbotten har starta i praksis i Framtida i Oslo. André Jonassen er også i hovudstaden. Han har praksisen sin i Nettavisen, som den første nynorskskrivande praktikanten nokosinne. Og etter to månader der kjem han tilbake til Førde. 1. juli startar han i eit halvt års vikariat i Firda.
Mari Qviller har reist til Lillehammer og GD (Gudbransdølen Dagningen) og er andre dagen på jobb godt i gang med saker.
På dei knappe fire månadane har kull 24, André, Hanne-Therése, Maria, Mathea og Mari publisert mellom 190 og 200 saker i Firda.
– Veldig bra! Dei har skrive innanfor dei fleste sjangrar. Alle har jobba på desk og hatt helgevakter. Dei har også laga mange gode videoar, seier dagleg leiar Ingunn Osland.
Det har vore mykje jobbing, og mykje moro. Under kan du sjå bilde frå opphaldet i Førde. Vi i Nynorsk avissenter ønsker lykke til i praksis.
Under ligg nokre bilde frå tida i Nynorsk avissenter:





