– Eg hadde ikkje klart å koke opp ein større draumejobb enn dette, seier den tidlegare praktikanten hos Nynorsk avissenter.
1. februar starta ho i ny jobb som event- og kommunikasjonssjef ved Balestrand hotell.
Dette er hotellet som Per Áki Sigurdsson Kvikne (kjent som artisten Kjartan Lauritzen) kjøpte saman med sambuaren Randi Sognnæs Aamot og broren Theodor i 2021.
NRK har laga dokumentarserien «6899 til eg døyr» om hotelloppkjøpet.
Plutseleg fekk ho jobbtilbod
– Eg har mange felles bekjente med dei. På hausten i fjor hjelpte eg til på Balestrand Badeklubb Festival, og då fekk eg helst på dei skikkeleg.
I etterkant takka Versto for vel gjennomført festival og sa at det berre var å ta kontakt om dei trong hjelp i framtida.
– Han sa at han alltid er på utkik etter flinke folk, og ville gjerne ta ein prat.
Ballen rulla fort, og plutseleg hadde Versto fått tilbod om ny jobb. Arbeidsoppgåvene hennar er å skape kule arrangement som trekk folk til bygda, i tillegg til å stå for hotellet sin kommunikasjon på nett og sosiale medium.
– Målet deira er at hotellet skal bli ein levande kulturplass som kan trekke til seg musikarar og kunstnarar som kan vere kreative og skape noko i veldig fine omgivnader. Dei ønsker å bygge musikkstudio og atelier der, seier ho.
Utelukkar ikkje å flytte til Balestrand
Ein mindre del av stillinga hennar blir å hjelpe Theodor som manager, altså å vere med Kjartan Lauritzen på spelejobbar.
– Theodor er jo DJ på scena i tillegg til å vere manager, så eg skal avlaste han litt, seier ho.
Versto var praktikant hos Nynorsk avissenter hausten 2016. I åra etterpå har ho jobba i kulturorganisasjonane Fargespill, Jungelen og søsterorganisasjonen JUNG.
Ho bur no i Oslo, men kjem til å pendle til Balestrand ved behov.
– Er det sannsynleg at du flyttar til bygda på sikt?
– Veit du kva, kven veit kva som skjer i framtida. Dersom dette blir så kjekt som eg trur, og det viser seg å vere betre å jobbe derifrå, er eg absolutt open for moglegheita. Men eg skal bruke litt tid på å komme inn i ting før eg kjøper hus, seier ho og ler.
Versto seier det er ei stor glede å kunne bruke nynorsk i jobben. Tida som praktikant i Førde gav mykje, fortel ho:
– Sidan tida mi som praktikant har kommunikasjon alltid vore ein raud tråd i jobbane eg har hatt. Kompetansen og erfaringane frå Nynorsk avissenter har utan tvil gitt meg eit fortrinn og bidrege til at eg har landa fleire spennande stillingar og vikariat. Theodor og gjengen visste ikkje om bakgrunnen min frå Nynorsk avissenter og Firda, men blei desto meir begeistra då dei oppdaga at eg skriv nynorsk.
– Det kjem også godt med når eg styrer med Instagram-kanalane (hotellet og festivalen) og skal halde ein lett og uformell tone på dialekt. Målet er å få sognedialekten under huda snart òg, seier ho med eit smil.