Close

60 søkte. Pernille fekk Klassekampen-jobben

FOTO: Bjarne Øymyr/SIKT

Del innlegg

Tidlegare nynorskpraktikant Pernille Ekornrud Grøndal starta på Bergen-kontoret til Klassekampen på nyåret.

– Eg synest det går veldig bra, og får gjort mykje forskjellig kvar dag, seier ho.

Grøndal var praktikant hos Nynorsk avissenter hausten 2023.

Då ho såg at éin av Klassekampens to journaliststillingar i Bergen vart ledige i haust, var ho ikkje tvil om at ho skulle søke.

– For meg er det draumeavisa å jobbe i. Dei leverer veldig god og kritisk journalistikk. At dei er solid planta på venstresida passar meg. Det er spennande å få skrive for ei avis som har eit så tydeleg prosjekt.

Hard konkurranse

 

Det var 60 søkarar til den faste stillinga, men Grøndal var den heldige som fekk ein hyggeleg beskjed frå nyheitsredaktøren i Klassekampen.

Ho var arbeidsledig på dette tidspunktet, og sat og skreiv søknader då telefonen ringde.

– Eg blei sett ut og begynte å le. «Er det sant?» Eg sa ja på flekken og vart kjempeglad og gira. Eg måtte ta ein liten danserunde i stova etterpå, seier Grøndal og ler.

Ho kjem frå Asker, men har budd i Bergen sidan ho var 21-år. Den no 34 år gamle Grøndal har jusutdanning og fleire år bak seg som jurist i offentleg sektor, før ho tok fatt på Nynorsk avissenter sitt utdanningsløp for å prøve ei ny retning.

For moro skuld kan det nemnast at det også var ein tidlegare Nynorsk avissenter-praktikant som hadde stillinga som Grøndal no har tatt over, nemleg Martin Årseth.

– Skrekkblanda fryd

 

Sidan praktikanttida har ho hatt eit vikariat i Dag og Tid og ein sommarjobb i Klassekampen.

Ho skal i hovudsak dekke arbeidsliv, industri og politikk på vestlandet.

– Men det er blitt sagt at eg kanskje må hive meg rundt og dekke meir nasjonale saker viss det er behov for det, seier ho.

Grøndal seier ho kjem til å skrive om typiske Klassekampen-tema som til dømes omstilling i energibransjen, arbeidsliv, økonomi, klima og miljø og sosial ulikskap.

– Vestlandet er ein interessant landsdel fordi vi har så mykje flott natur, men også tradisjon for industritunge næringar som kanskje ikkje er like miljøvennlege. Eg er interessert i det politiske skjeringspunktet.

– Så håpar eg også at eg får skrive litt om kultur, legg ho til.

Nokre veker uti jobben, fortel Grøndal at ho allereie har fått dyppe tåa i fleire av temaa.

– Eg har fått skrive om arbeidsliv og industri, og mellom anna intervjua forfattaren Emma Holten. Eg har også vore med som fotograf på ein reportasje i Austrheim.