Close

Tidlegare praktikantar fyller no begge redaktørstillingane

Del innlegg

– Ei tillitserklæring, seier både Øystein Silde Frønsdal og Synne Muren Olsen.

Begge har vore praktikantar hos Nynorsk avissenter og jobbar i dag i avisa Firda. Frønsdal er nyheitsredaktør og Olsen jobbar som frontsjef, i tillegg til å vere faglærar ved avissenteret.

No har Frønsdal «rykt opp» til ansvarleg redaktør i avisa, medan Olsen har tredd inn som nyheitsredaktør. 

Dette skjedde fordi dagens Firda-redaktør, Kai Aage Pedersen, har tatt ei pause for å steppe inn som konstituert redaktør i avisa Hordaland på Voss. Deira redaktør har nemleg sagt opp, og Pedersen skal fylle rolla fram til ein ny er tilsett, etter planen til hausten.

Frønsdal og Olsen var praktikantar hos avissenteret hausten 2020, eit kull der fire av fem praktikantar enda opp med fast jobb i avisa Firda. No gler begge seg til å ta fatt på nye utfordringar!

– Eg ser store moglegheiter for Firda med den dyktige og erfarne gjengen som jobbar her. Eg går laus på oppgåva med iver og entusiasme, og skal gjere mitt beste for at Firda held fram med å levere viktig og relevant journalistikk for innbyggarane i dekningsområdet, seier Øystein Silde Frønsdal, som no blir den første nynorskpraktikanten som går inn i ei redaktørstilling for ei avis.

Olsen vore tett på nyheitsdesken og breaking-journalistane som frontsjef i Firda. No ser ho fram til å jobbe med heile redaksjonen og bryne seg på meir heilskapeleg planlegging.

– Vi går ei spennande tid i møte med både stortingsval og VM i vektløfting, så eg er sikker på at dette blir veldig lærerikt og kjekt. Eg kjenner meg trygg på at eg skal meistre oppgåva – i samspel med alle dei dyktige kollegaene mine her i Firda, seier ho.