Close

Fekk sin første faste journalistjobb i ein alder av 53

Del innlegg

– Det er mange i 60-åra her, så eg er ein av dei yngste, seier Marita Liabø og ler.

Våren 2024 tok ho eit vegval og søkte plass hos Nynorsk avissenter i Førde for å bli journalist. Då hadde ho jobba som tekstar i NRK i mange år, men opplevde at framtida i dette yrket var usikker.

– Eg tenkte eigentleg at det ikkje var vits i å søke, men eg gjorde det, og så fekk eg jo plass, seier førdianaren.

– Det var veldig kjekt at det var rom for ein praktikant som var over 30.

Potetstilling

Ho tok praksisdelen av utdanninga i avisa Dag og Tid, der ho frå før har erfaring med å levere frilansstoff og lese korrektur på deltid. Deretter fekk ho vikariat, før leiinga kom med tilbod om fast jobb frå 1. januar 2025.

– Eg har fått ei skikkeleg potetstilling, seier ho.

Dag og Tid satsar framleis tungt på papiravisa si, men dei ønsker å bli betre på nett. Liabø har fått ansvar for å jobbe med nettavisa, både skrive, redigere, korrekturlese og publisere saker Ho har også ansvar for debattinnhaldet.

– Eg har jobba mykje for å få denne jobben, både då eg var praktikant hos Nynorsk avissenter og i vikariatet i Dag og Tid. Eg har jobba med å skrive betre og tenke journalistisk, ved å skrive mykje. Mengdetrening, seier Liabø.

Til ho døyr

Ho trivst i Oslo-avisa og håpar å få jobbe her «til ho dør», for å låne hennar ord.

– Det er godt miljø, som har mykje å seie. Og eg synest det er ein veldig raus og varm leiar her, seier ho.

Aller helst likar Liabø å skrive om vanlege menneske, drive sosialantropologi, som ho kallar det, samtidig som ho vedgår at dette blir meir av i lokalaviser enn i Dag og Tid.

53-åringen trur ikkje ho hadde fått ein fot inn i journalistikk utan opphaldet i Førde.

– Det var som ein lottogevinst. Ein utruleg hyggeleg måte å lære på og ein fantastisk fin gjeng.