Close

Fekk jobb i NRK-gravegruppe

Foto: Johan Isak Niska

Del innlegg

– Eg vil seie at det er ein slags draumejobb, seier Ingrid Hjelbakk Kvamstø, som var praktikant hos Nynorsk avissenter våren 2020.

Det siste halvtanna året har bergensaren jobba i gravegruppa til NRK i nord. Sidan starten har ho jobba med eit prosjekt som handlar om kinesisk innflyting i Norge.

– Eg har jobba mykje med Kirkenes, mellom anna sett på eit stort kinesisk shippingselskap som har vist stor interesse her, seier ho.

Funne seg til rette i nord

Kvamstø hadde aldri vore i Nord-Norge før då ho flytta dit.

– Eg visste ikkje kva eg skulle forvente, men eg har faktisk funne meg veldig til rette. Eg synest Finnmark er eit enormt spennande område å bu og jobbe i, seier ho.

No har Kvamstø og kjærasten kjøpt ei leilegheit i Tromsø, som ho kjem til å pendle til.

– Eg ser for meg å bli i nord-Norge ei stund.

– Utruleg at eg fekk den

Etter utdanningsløpet i Førde tok Kvamtsø ein master i undersøkande journalistikk på Universitetet i Bergen. Undervegs i denne vart det lyst ut ledig stilling i gravegruppa til NRK Finnmark.

– Eg søkte, og syntest det er heilt utruleg at eg fekk den, seier ho.

Då flytta ho til Finnmark og fullførte masteren medan ho jobba. Gravejournalisten seier tida på nynorsk avissenter var avgjerande for karrieren.

– Det gav meg alt, vil eg seie. Det er derfor eg er der eg er i dag, seier ho.