Close

Martin Årseth har blitt redaktør

Del innlegg

Den tidlegare nynorskpraktikanten har forlate Klassekampen og sett seg i sjefsstolen hos bladet Syn og Segn.

– Det er jo litt annleis. Plutseleg må eg bestemme, i staden for å berre komme med idéane, seier den Bergen-busette 36-åringen frå Alversund.

Syn og Segn er eitt av dei eldste og mest tradisjonsrike kulturtidsskrifta i landet. Det vart stifta i 1894 og dekker politikk, litteratur og samfunn.

Sin eigen sjef

Årseth var praktikant hos Nynorsk avissenter i Førde våren 2017. Dei siste fem åra har han vore Klassekampens Bergen-journalist.

– Eg var ikkje på leit etter ny jobb, men då det dukka opp ei så spennande jobbutlysing vart eg interessert, seier han.

Han starta i redaktørstillinga i oktober i fjor haust. No har han det fulle ansvaret for både drift, stoffproduksjon og redaksjonelle vurderingar.

– Eg er den einaste tilsette, så eg må vere både journalist og redaktør. Det er ein veldig annleis jobb enn eg er vand med, der eg må rapportere til styret og forhalde meg til ting som budsjett, leverandørar, abonnementssystem, distribusjon og trykkeri, men det er spennande og eg lærer mykje nytt, seier han.

Jobben har tidlegare blitt gjort i Oslo, men Årseth fekk lov å bli verande i Bergen. Han har kontor midt i sentrum, like nedanfor Johanneskyrkja.

– Det er eit slags kulturkollektiv. Eg deler lokale med to journalistar frå Vårt Land, ein filmregissør, ei som jobbar i Landslaget for lokalaviser, ein frilansfotograf og ein komponist, seier han.

Få reaksjonar, men nokre hint

I pausane har Årseth kika i gamle Syn og Segn-nummer frå 50 og 60-talet.

– Det vart stilt spørsmål om romanen var død, om folk har slutta å lese og korleis fascismen kom til Europa. Dei same tinga vi lurer på i dag, seier han og humrar.

Sjølv begynte han å abonnere på bladet som student.

– Eg har vore litt av og på gjennom dei 18 åra som har gått sidan den gong. Derfor har eg også meiningar om kva periodar som har vore gode og ikkje. Det er både spennande og litt skummelt å få sette mitt preg på det og forme det sjølv.

– Har du fått nokon sinte telefonar så langt?

– Nei, men eg var litt spent på det første nummeret eg var med å lage. Eg valde eit litt kontroversielt bilete på framsida, av liket til ein politikar som vart drepen i Nederland, fordi dette var temaet for nummeret. Det vart få reaksjonar, men nokre hint i e-postar frå folk som kanskje ikkje syntest dette var så barnevennleg. Dei måtte visst snu bladet opp ned på bordet sitt heime, seier han.

Årseth begynte journalistkarrieren med å jobbe i Vest-Telemark blad og i Nynorsk pressekontor, før han vart praktikant hos Nynorsk avissenter.

– Eg lærte utruleg mykje og det fylte nokre hol. Det hjelpte også veldig då eg skulle søke jobbar. Det vart mykje lettare å bli tatt inn på intervju. Plutseleg vart eg behandla som ein reell kandidat, seier han.