Kull 24 på Nynorsk avissenter er i gang! Snart kan du lese kva dei skriv.
– Det er alltid kjekt og spennande å ta mot nye praktikantar. No har vi hatt eit par fine dagar saman, og eg gler meg til dei neste månadene, seier leiar på avissenteret, Ingunn Osland.
Dei første vekene har vi eit tettpakka program, mange kurs, mykje å sette seg inn i og mykje å ta inn. I tillegg er det veldig sosialt. Det er travelt, men spennande.

Undervisninga er allereie i gang. Her er det Kjell Ove Nordeide som fortel om Firda-språket.
Målet er heile vegen, gjennom ein hestekur i nynorsk og journalistikk skal desse fem bli nynorskskrivande journalistar før sommaren.
Om eit par veker vil også Firda sine lesarar oppdage dei nye skribentane i spaltene.
Fram til 1. mai vil Mari, Hanne- Thérese, Mathea, Maria og André vere i Førde, og alt dei produserer vil bli publisert i Firda. I mai og juni vil dei vere i praksis i ei sjølvvald nynorskskrivande avis.

Første dagen hadde vi ein fin tur rundt i Førde sentrum. Nydeleg vintervêr gjorde byen endå vakrare!