Desse fire praktikantane har fått heile 215 saker publisert i Firda sidan september. No er dei klare for ekstern praksis.
Julian Fløde skal ha sin eksterne praksis i Firda i Førde. Han går rett på helgevakt første helga i januar.
Mina Flo Håvik er klar for praksis i Bø Blad i Bø i Telemark. Vilde Standal Bøyum skal ha praksis i Nationen i Oslo, og Sunniva Sørheim reiser så langt ho kjem nordover. Ho skal i praksis i Svalbardposten i mars og april.
I dei knappe fire månadane dei har skrive for Firda har Vilde, Julian, Sunniva og Mina publisert til saman 215 saker i avisa.
– Imponerande! Sakene er varierte. Dei har skrive innanfor dei fleste sjangrar. Alle har jobba på desk og hatt helgevakter. Desse fire har også utmerka seg med å lage mange gode videoar, seier dagleg leiar Ingunn Osland.
Det har vore mykje jobbing, og mykje moro. Under kan du sjå bilde frå opphaldet i Førde. Vi i Nynorsk avissenter ønsker lykke til i praksis.




