Close

No er det klart: Her er kull 24

Desse fem er klare for Førde og Nynorsk avissenter i januar: Hanne-Therése Runestad, Mathea Kulbotten, André Jonassen, Mari Qviller og Maria Ghalvazi.

Del innlegg

Fem nye praktikantar er klare. 6. januar kjem dei til Førde for å starte opplæring i Nynorsk avissenter. 

Hanne -Therése Runestad (26), Mathea Kulbotten (22), André Jonassen (27), Mari Qviller (25) og Maria Ghalvazi (33) er tilsette i kull 24 på Nynorsk avissenter. Fram til 1. mai får dei opplæring i avissenteret, samtidig som dei skriv for Firda. Deretter ventar to månader i ekstern praksis i nynorskbrukande medium rundt om i landet.

Denne gongen kjem dei frå aust, sør, vest og nord. Nysgjerrig på kven dei er? Les vidare!

Hanne-Therése Runestad

Hanne-Therése kjem frå øya Fogn i Rogaland. Dei siste 6 åra har ho budd i Oslo, der ho har utdanna seg innanfor filmregi og kulturleiing.

– Sidan det har eg jobba frilans innanfor film, og jobba i kvinnerørsla. Den siste tida har eg skjønt at det er journalistikk eg ynskjer å satse på vidare, seier Hanne-Therése.

Ho ser på journalistikk som den perfekte blandinga av to av hennar favoritt-ting: Historiefortelling og samfunnsaktualitet.

– Eg finn stor glede i å setje saman informasjonen eg har rundt meg på ein meiningsfull måte, og formidle han så effektivt som eg kan. Det er spennande, krevjande, og utruleg gjevande arbeid.

Hanne- Therése vaks opp med nynorsk som hovudmål, men når ho byrja på vidaregåande i Stavanger blei ho bokmålsassimilant.

– Eg gler meg til å finne tilbake til språkrota mi, og la ho slå vidare rot i omgjevnadene mine. Å forlate hovudstaden etter så lang tid kjem til å bli litt skummelt, men eg ser fram til å bli utfordra og tileigne meg ny kunnskap i godt selskap!

Mathea Kulbotten

Mathea kjem til journalistikken med eit ønskje om å vere ei stemme for dei som ikkje har ei.

– Å vere journalist er ein super måte å forandre samfunnet på – du kan avsløre store problem, fortelje det som elles ikkje vert fortalt og bidra til meir openheit og færre fordommar. Ikkje minst kan du gjere livet betre å leve for andre, seier Mathea om kvifor ho vil bli journalist.

Tidlegare har ho mellom anna skrive politimeldingar for NOAH – for rettane til dyr, og jobba som kyrkjetenar.

– Eg elskar å hjelpe både dyr og menneske, og eg elskar å skrive. Då må vel jobben som journalist passe som hand i hanske?

Ho legg til:

– Heimbyen min er Lillehammer, og der er det bokmål som herskar. Nynorsken er under hardt press. Men dess fleire bokmålsbrukarar som lærer og brukar nynorsk, dess stødigare vil nynorsken stå. Som nynorskpraktikant håper eg å kunne sanke nokre nynorskfrø som eg kan så på Austlandet, slik at nynorsk får ein ny plass å bløme på.      

André Jonassen 

André er frå Stavanger, men for tida busett i hovudstaden.

– Vegen min frå oljehovudstaden til Oslo gjekk gjennom Bergen, Fredrikstad og Bucuresti, mellometappar som har ført med seg ein mastergrad i filosofi, praktisk-pedagogisk utdanning og eit halvår i ambassadepraksis.

Det siste halvåret har han jobba som lektor på mellomtrinnet, og har fått brynt seg på å undervise i norsk, KRLE og musikk.

– No er eg klar for ein ny etappe – som nynorskpraktikant hjå Nynorsk avissenter. Eg ynskjer å bli journalist for å kunne komma med eit, om noko audmjukt, tilskot til ei fri, truverdig og ubunden presse, seier André.

Han legg til at i ei aukande postfaktuell tid blir dei gode og grundige sakene frå redaktørstyrte media utruleg viktige, og at å bruka tid og krefter på å laga sånne saker verkar særleg gjevande.

– Å attpåtil kunna få gjera dette på nynorsk, vår fantastiske og demokratiske målform, er heilt ypparleg. Eg blei det ein kanskje kan kalla «frelst» av målrørsla i tenåra, og eg ser fram til å få medverka til å styrkja rolla til nynorsken i det norske mediebiletet.

Mari Qviller

Mari startar med å opplyse om at ho verken er nynorskbrukar eller journalist.

– Det er det eg håpar å endre på no. Grunnen er at eg ynskjer å bruke tida mi på å skrive om og fordjupe meg i små og store ting som hender i by og bygd. Spesielt dei plassane utanfor storbyane kor nynorsken lever i beste velgåande.

Ho har trua på at sjølv i ei tid med ei overveldande informasjonsflyt er lokalaviser ei kjelde folk kjem til å bruke i lang tid framover for å navigere seg i lokalsamfunnet sitt.

– Kommunane i Noreg har mykje makt når det kjem til korleis landet vårt skal sjå ut, og vi unge må ikkje slutte å interessere oss for dei små plassane vi bur. Derfor må også alle slags stemmer sleppe til i avisene for å kunne prata om kva som går føre seg på ein måte folk forstår.

Ho legg til at språket ein les reflekterer språket ein brukar, og at det derfor er uhyre viktig for at kommande generasjonar ikkje skal gløyme det bort. Spesielt om språket ein brukar er i mindretal.

– Eg synest nynorsk er rikt og vakkert, men først og fremst nødvendig for å ta vare på kulturarven, og for eit mangfaldig samfunn. Då ville det vel vore litt dobbeltmoralsk å ikkje læra seg å bruka det?

Maria Ghalvazi

Maria er sunnmøring med kurdisk bakgrunn, busett i Førde. Ho har valt nynorsk som språket sitt i media.

– Mitt første møte med norsk språk var for seks år sidan, gjennom nynorsk, eit språk som fascinerte meg meir jo meir eg lærte om det, seier Maria.

Med ein mastergrad i media frå Høgskulen i Volda, der mange av landets journalistar kjem frå, har ho spesialisert seg innan medieproduksjon og historieforteljing.

– Eg har også fått solid erfaring som nynorskbrukande journalist i Firda, den største nynorskavisa i verda, noko som gjer meg til ein sterk formidlar av historier frå ulike delar av samfunnet vårt på nynorsk.

Målet hennar har alltid vore å finne eit yrke der ho kan hjelpe folk og bidra til samfunnet ho lever i, og ho meiner journalistikk er ein av dei beste måtane å gjere dette på.

– No ser eg fram til å fortsetje denne vegen som nynorskpraktikant og gleder meg til å formidle endå fleire historier på nynorsk.