Close

No er praktikant nummer 100 på plass

Mina Flo Håvik, Vilde Standal Høyvik, Sunniva Sørheim og Julian Fløde.

Del innlegg

Måndag var fire nye praktikantar på plass for å starte opplæringa si på Nynorsk avissenter. Og med det har vi passert 100 praktikantar her hos oss.

– Det er alltid spennande å gå i gang med eit nytt kull. Det ser lovande ut, seier dagleg leiar i Nynorsk avissenter, Ingunn Osland.

Ho legg til at avissenteret no har nådd ein milepæl.

– Når desse no er i gang, har vi passert 100 praktikantar på dei 11 åra vi har eksistert. Det viser igjen i nynorskbruken i norske medium, seier Osland.

Første dagen har vore brukt til å bli kjende med kvarandre, med dei som blir kollegaer i Firda denne hausten, og til å sjå oss litt om i Førde. Vi måtte opp til den nye utsiktsplassen i Hafstadkleiva for å få oversikt.

Denne hausten har Kjell Ove Nordeide trappa ned til 10 prosent stilling. Han vil halde fram med språkopplæring, både for praktikantane i avissenteret og for naboane våre i NRK Nynorsk mediesenter.

– Så er vi glade for at Synne Muren Olsen, tidlegare praktikant og frontsjef i Firda, skal vere faglærar i 40 prosent. Det held også Ivar Bruvik Sætre fram med, så vi føler vi er eit godt team, seier Osland.

– No gler vi oss til å hjelpe dei fram til å bli gode journalistar. Det skal vi bruke dei neste fire månadene på.

 

Her er heile gjengen samla. Frå venstre: Kjell Ove Nordeide, Sunniva Sørheim, Mina Flo Håvik, Vilde Standal Bøyum, Ingunn Osland, Julian Fløde, Synne Muren Olsen og Ivar Bruvik Sætre.

Dei første vekene har vi eit tettpakka program, mange kurs, mykje å sette seg inn i, og mykje å ta inn. I tillegg er det mykje sosialt. Målet er med heile vegen, gjennom ein hestekur i nynorsk og journalistikk skal desse fire bli nynorskskrivande journalistar før jul.

Om eit par veker vil også Firda sine lesarar oppdage dei nye skribentane i spaltene.

Fram til jul vil Mina, Vilde, Sunniva og Julian vere i Førde, og alt dei produserer vil bli publisert i Firda. I januar og februar vil dei vere i praksis i ei sjølvvald nynorskskrivande avis.