Close

Her er kull 23 

Desse fem er klare for Førde og Nynorsk avissenter til hausten: Anne Jacobsen Rike, Vilde Standal Bøyum, Sunniva Sørheim, Mina Flo Håvik og Julian Fløde.

Del innlegg

Då er det klart. 19. august kjem desse fem til Førde for å starte opplæringa i Nynorsk avissenter! 

Anne Jacobsen Rike (27), Vilde Standal Bøyum (30), Sunniva Sørheim (25), Mina Flo Håvik (21) og Julian Fløde (20) er dei fem praktikantane som utgjer kull. Dei er klare for fire månader med opplæring i avissenteret og skriving i Firda fram til jul. Etter nyttår skal dei to månader i ekstern praksis, i nynorskbrukande medium rundt om i landet.

Sunniva Sørheim

Sunniva Sørheim har grunna litt på kvifor ho vil bli journalist: 

– Er du større enn deg sjølv? Akkurat ikkje stor nok, verken på langs eller på tvers. Eg er den vesle mauren i diktet til Inger Hagerup, som ikkje fyller seg sjølv heilt. Det er det eg skal i Førde. Fylle meg sjølv med ny kunnskap, journalistikk og nynorsk.

Sunniva kjem frå Vinje i Telemark, men ho seier det ikkje er noko ved ho som er Vinje, utan om identitetskjensla. Og den er sterk.

– Kjensla som er litt vond i magen, for eg har svike heimstaden min. Sjølv etter eit heilt skuleliv med nynorsk som hovudmål, har eg ikkje halde på skriftspråket. Universitetsoppgåvene mine frå NTNU, journalnotata i Helseplattforma ved St. Olavs og tekstane mine på sosiale medium har blitt skrivne på bokmål. Grunnen er ikkje grunn nok, og no vil eg ta tak i den indre nynorskidentiteten min og la den springe ut i full blom. Vinje fortener betre, og eg skal fylle meg frå øvst til nedst, og bli endå litt større enn meg sjølv.

Julian Fløde

Julian Fløde skildrar seg sjølv som ein entusiastisk og engasjert ungdom frå Stadlandet. 

– Eg vaks opp saman med to søsken, foreldre og gode vener. Etter å ha fullført grunnskulen her, tok eg steget vidare til vidaregåande på Sandane. Gjennom tre år på idrettslinja lærte eg meg å sette pris på fysisk aktivitet, samhald og utvikling. 

Sportsinteressa er høg og fotball er Julian sin store lidenskap. 

– Å vere ein del av eit lag, der samarbeid og målretta innsats er avgjerande, har forma meg som ein lagspelar både på og utanfor bana. Fotball deler mine tankar om respekt for andre gjennom fair play, noko eg ynskjer å formidle til andre, seier Julian.

Han trur på verdien av å vere ein aktiv del av samfunnet og å vere med på å forme framtida vår, og seier det er ei viktig drivkraft når han no blir nynorskpraktikant. Nynorsken ser han på som ein viktig del av kulturarven.

– Eg vil bidra til å fremme bruken av språket, og er motivert for å delta i arbeidet med å formidle det på ein god måte. 

Julian er klar for å ta fatt på nye utfordringar og å lære gjennom praktisk arbeid.

Mina Flo Håvik

Mina Flo Håvik kjem frå vestlandsbygda Stryn. 

– Gjennom oppveksten har eg drive med mykje rart, men dei siste åra har eg utvikla ei sterk interesse for fotografi. Derfor valde eg å studere foto og kunst på Svalbard folkehøgskole, seier Mina.

Ho har vore på Svalbard i to år, men kjem heim om sommaren, mellom anna for å jobbe som sommarvikar i avisa Fjordingen. Det gjorde ho sommaren 2023, og det skal ho også gjere til sommaren, før ho vender kursen mot Førde og Nynorsk avissenter midt i august.

– Eg har lyst å bli nynorskskrivande journalist fordi eg vil vere med på å formidle det som skjer i samfunnet, på nynorsk. Nynorsk har alltid vore viktig for meg og eg meiner det er eit språk som bør bli representert i media. Det vil eg vere ein del av!

Vilde Standal Bøyum

Vilde Standal Bøyum er ei nysgjerrig sjel med ein sterk kjærleik for ord. Ho er oppvaksen i Førde, men har dei siste åra vore busett i Oslo.  Vilde finn glede i å utforske verda gjennom skriving, journalistikk og formidling.

– Eg har ein stor draum om å fange livet sine nyansar og dele dei med verda, ein ambisjon som driv meg kvar dag, seier Vilde.

Frå barndomen har penn og papir vore hennar trufaste følgjesveinar.

– Eg oppdaga tidleg at skriving var meir enn berre ein hobby – det var ein lidenskap, ein kanal for å uttrykke mine tankar, kjensler og observasjonar. Kvar gong eg set meg ned ved tastaturet eller grip tak i ein penn, opnar eg døra til ei verd der fantasien kan utfolde seg fritt.

Ho har tenkt på korleis ho vil bruke lidenskapen sin: 

– Journalistikk er måten eg ønskjer å bidra til samfunnet på. Eg traktar etter røyndom og rettferd, alltid klar til å grave djupt for å avdekke den skjulte historia bak overskrifta. Eg vil gjerne fylle kvardagen min med spenning og utfordringar, frå å intervjue inspirerande personar til å grave i komplekse emne for å kaste lys over dei. Å formidle informasjon er ikkje berre ei oppgåve for ein journalist, det er eit søk etter sanning. Eg trur på krafta som ligg i å dele kunnskap og inspirere andre til å utforske verda rundt seg. Om det er gjennom skriving, munnleg presentasjon eller digitale plattformer, ønsker eg å nå fram til publikum og etterlate dei med ei ny forståing eller eit nytt perspektiv. Gjennom skriving, journalistikk og formidling, håpar eg å etterlate eit varig inntrykk og kanskje til og med forandre verda, ei setning om gongen!

Anne Jacobsen Rike

Anne Jacobsen Rike kjem opphavleg frå Kristiansand, men har budd i Bergen nesten sju år.

Ho har ei bachelorgrad i informasjonsvitskap og ei mastergrad i medium og kommunikasjon frå Universitetet i Bergen. 

– Sjølv om eg til dagleg bruker bokmål, synest eg praktikantordninga til Nynorsk avissenter ein flott måte å bidra til å halde på nynorsken i Noreg. Det å vere nynorskpraktikant verkar også veldig spennande, samtidig som det er eit godt høve til å få meir opplæring og praktisk erfaring innan journalistikk, seier Anne.

Ho gler seg til å ta fatt på opplæringa, og til å skrive for avisa Firda til hausten.