Close

Kull 25 er godt i gang. Sjekk ut litt av det vi har vore med på til no

Ruth Møllerplass Huse, Mali Monica Engesæter, Lars Håberg Ottesen, Marius Rødseth Berg og Sylvelin Bækken Toft.

Del innlegg

Kursing, sosiale treff, leiting etter saker, turar, matlaging, intervju, skriving og valvake. Det er noko av det dei fem praktikantane på kull 25 har vore gjennom dei tre første vekene.

Dei neste vekene blir litt meir einsretta. No jobbar dei som journalistar, og det skal dei gjere i Firda fram til jul.

Likevel er det ikkje heilt slutt på «moroa». Det blir kurs i alt frå presseetikk, intervjuteknikk, språk, gravejournalistikk og anna utover hausten. Og turar til mediebedrifter i Bergen og Aasentunet i Ørsta. Mellom anna.

Moroa er likevel først og fremst det å jobbe som journalist. Og det blir det mykje trening i framover.

Allereie no er det publisert både saker og bilde i Firda med bylinen til praktikantane. Og vi lover meir. Følg med!

Under ligg bilde som fortel litt om alt vi har vore med på så langt: