Close

Lars tok permisjon frå familien for å bli journalist

Foto: Ivar Bruvik Sætre

Del innlegg

– Eg er snart 40 år og kan ikkje vente for lenge, seier Lars Håberg Ottesen.

Trebarnsfaren bur i Bergen med familien sin, men denne hausten er han i heimbyen sin Førde for å gå i opplæring hos Nynorsk avissenter.

Sidan Ottesen var ung har han fantasert om å bli journalist, men slik vart det aldri. Han har jobba som lærar, fotograf og seinast med førebyggande ungdomsarbeid.

For å skaffe seg relevant erfaring og ein inngang til mediebransjen fekk han klarsignal heimafrå til å søke plass som praktikant på avissenteret.

– Kona mi trong ikkje overtaling. Ho er ganske kul, seier Ottesen.

I skrivande stund er han ein dryg månad ut i opplæringsløpet, og trivst så langt.

– Det går fint, men eg ser at eg har kjempemykje å lære. Og at folk her jobbar i ein heilt annan type hastigheit enn eg tenker at er mogleg, seier han.

Som praktikant ved avissenteret får han opplæring og rikeleg med mengdetrening ved å skrive saker til avisa Firda. Dermed skal nok Ottesen sjå at han skriv saker som ein driven journalist når fire månader er gått.

På nyåret ventar to månader i ekstern praksis. Denne skal han ta i Bergen, og håpar å få plass i BT.

– Korleis går det på heimebane i mellomtida?

– Det går uforskamma bra, faktisk. Heldigvis får eg høve til å reise heim dei fleste helgene. Om ikkje hadde ikkje dette vore mogleg, seier han.

Når praktikantløpet er ferdig er målet å lande ein journalistjobb.

– Eg gjer jo dette fordi eg vil bli journalist og ønsker eit reelt karrierebyte. Det å bu i Førde og vere praktikant denne hausten er jo ei stor greie, reint praktisk og økonomisk. Eg hadde ikkje gjort det om eg ikkje var heilt sikker på at eg har lyst til dette.

Ottesen er eit godt døme på at det aldri er for seint å prøve noko nytt. Ønsker du løna opplæring og ein rask veg inn i journalistikken?

Søk plass på vårkullet innan 15. oktober!