– Nyheitsanker som Morten Sandøy og Arild Riise blir veldig glade dei får tekstane på nynorsk. Då får eg ei lita gullstjerne i boka, seier Hanne-Therése Runestad.
Den tidlegare nynorskpraktikanten boltrar seg i TV2 for tida, der ho er timevikar. 26-åringen går live, lagar reportasjar, klipper videoar og skriv nettsaker – både i innan- og utanriksavdelinga.
– Eg trivst veldig godt. Det er skikkeleg kjekke kollegaer og varierte oppgåver, seier ho.
Runestad gjekk i opplæring hos Nynorsk avissenter våren 2025. Ho tok den eksterne praksisen i TV2 i mai og juni, og har fått halde fram i mediehuset. Som timevikar blir ho putta inn i ulike typar vakter.
– Eg får jobbe 100 prosent, men det blir litt ugunstige arbeidstider, seier ho.
Framover er håpet å lande ei vikarstilling som vil gi ein fast turnus framover. Sjølv om opplæringa hos Nynorsk avissenter er mest retta mot skriftlege saker, har Runestad fått mykje overføringsverdi til det meir videotunge mediehuset TV2.
– Eg har fått mykje ut av «bli kasta uti det-metoden», for det er ei slik haldning her også. Det har gjort at eg kan gå inn i mange situasjonar med høg sjølvtillit, seier ho.
– Ein gong eg sat på desken og skulle gjere klart noko til 18.30-sendinga, oppstod plutseleg fire ulike brannar ulike stader i Norge. Vi hadde null oversikt og fekk få oppdateringar i politiloggen. Men av å dekke uvêr i Førde under praktikantopplæringa hadde eg lært at ein kan ringe brannvesenet og NVE direkte. Då fekk eg henta inn mykje god informasjon til sendinga, legg ho til.
Dei siste åra har det blitt langt meir nynorsk på TV2 si nettside. Dette er mykje takka vere tidlegare Nynorsk avissenter-praktikant Karen Anna Kleppe og NRK Nynorsk mediesenter-praktikant Trine Misje, som har kjempa for større openheit og betre tilrettelegging for nynorskbruk.
– Eg opplever at nynorsk blir godt varetatt i TV2. Dei synest det er kjekt at vi no er fleire som skriv det, seier Runestad.