– Eg hadde ikkje trudd eg skulle gjere dette, seier Ruth Mølleplass Huse.
Ho er ein av praktikantane hos Nynorsk avissenter denne hausten. Etter ein innleiande opplæring er dei no godt i gang med praksisjobbing i avisa Firda, som samarbeider med avissenteret.
Fordelen med dette samarbeidet er at praktikantar får brynt seg på alle slags oppdrag, sjølv om dei er ferske.
Då statsminister Jonas Gahr Støre besøkte Førde denne veka, var det praktikantane Huse og Lars Håberg Ottesen som fekk i oppdrag å følge han.
– Vi får oppleve mykje forskjellig. Denne dagen reiste eg rett frå å intervjue ei ung kvinne som køyrer søppel, til å intervjue statsministeren, seier Huse.
Ho er glad for at ho fekk vite om statsministeroppdraget først dagen før, så ho slapp å grue seg lenge.
– Då var eg berre nervøs i éin dag. Det er litt av sjarmen, å kunne ta ting på sparket og lære noko av det, seier ho.
Støre var på besøk for å sjå Solfrid Koanda forsvare Norge under vektløfting-VM. Han nytta også høvet til å besøke lokalt næringsliv, og fekk mellom servert heimelaga mat hos SFO på ein barneskule.
Huse og Ottesen følgde Støre gjennom heile besøket. Dei knipsa bilde, og lagde både video og skreiv artikkel om det heile.
– Det var spennande, seier Huse.
Ønsker du ei løna, praktisk retta opplæring som kastar deg ut i journalistikken? Søknadsfristen for å få plass på vårkullet 2026 er 15. oktober.