Close

Synne fekk jobben som nyheitsredaktør

Foto: Ina Christin Løvseth

Del innlegg

Den tidlegare nynorskpraktikanten Synne Muren Olsen har blitt tilsett som nyheitsredaktør i Firda, etter sju månader som konstituert i stillinga. 

– Å få denne jobben er ei stor tillitserklæring, som eg er veldig glad for. No er eg både spent på og motivert for arbeidet som ligg framfor meg, seier Olsen.

Mange kom og gratulerte ho i kantina, der ansvarleg redaktør i Firda, Kai Aage Pedersen, kom med beskjeden. Han rosa Olsen for gode leiareigenskapar og å løfte journalistikken til avisa.

31-åringen nytta høvet til å fortelje om kor glad ho er i både kollegaer, Førde by og Firda som arbeidsplass.

– Både Førde og Firda har overraska meg svært positivt. Førde er ein levande by full i kjekke folk og moglegheiter, som eg har funne meg godt til rette i. Når det kjem til Firda så er dette ein arbeidsplass eg fall pladask for frå start. Eg er omringa av dyktige og motiverte folk som leverer journalistikk på høgt nivå, som har lært meg enormt mykje.

Olsen var praktikant hos Nynorsk avissenter hausten 2020. Deretter fekk ho seg fast jobb i Firda, der ho har jobba som både journalist og frontsjef. Ei periode har ho også jobba deltid som lærar ved Nynorsk avissenter.

– Avissenteret gav meg akkurat det eg trong etter utdanninga mi; ein arena der eg fekk lære faget i praksis og stake ut vegen vidare. Dette gav meg sjansen til å sikre meg fast jobb like etter, noko som var avgjerande for at eg fekk utvikle meg som journalist og seinare som leiar, seier Firdas nye nyheitsleiar.