Her er kull 26. Over nyttår kjem dei til Førde og Nynorskhuset for ein hestekur i nynorsk og journalistikk.
Hedda Nordhus Aurdal (24), Ellisiv Tomasgard Raftevold (27), Therese Olset Solheim (30), Selma Lynn Finne (28) og Sara Lie Hegre (32) er tilsette i kull 26 på Nynorsk avissenter.
Fram til 1. mai skal dei vere i Førde og få opplæring i avissenteret, samtidig som dei skriv for Firda. I mai og juni skal dei ha ekstern praksis i nynorskbrukande medium rundt om i landet.
Dei fem kjem frå både aust og vest, frå by og bygd. Saman skal dei gje lesarane av Firda mykje godt stoff å lese frå midt i januar.
Har du lyst til å vite litt meir om dei er det berre å lese vidare. Slik presenterer dei seg sjølve:
Hedda Nordhus Aurdal (24) frå Skien

Ingenting er meir radikalt enn ein austlending som vel å ta i bruk nynorsk som skriftspråk. Eg flytta til Kina for første gong som syttenåring for å lære kinesisk, men det som verkeleg skapar reaksjonar, er at eg ikkje synest nynorsk er vanskeleg å forhalde seg til. Dette har eg fundert mykje på.
I ei tid der den yngre generasjonen som veks opp no, har ein tendens til å ta i bruk engelske ord i protest mot det mange av dei ville kalla eit «ordfattig» norsk språk, føler eg behov for å stå standhaftig i min radikale posisjon og rope: «Men sjå her då! Du må ikkje fare over Nordsjøen for å finne ord til uttrykka dine. Nynorsk er klar til å ta imot deg med ein varm klem og eit imponerande ordforråd.»
Eg tykkjer bruken av nynorsk handlar mykje om normaliseringa av skriftspråket. At det ikkje berre blir brukt i medium som til vanleg brukar nynorsk, men at det blir brukt i alle medium mykje meir enn i dag. Om det er slik at eg som ein gjennomsnittleg austlending klarar å bruke nynorsk i det daglege livet, kan eg love at alle klarar det – og at nynorsk ikkje bit slik alle tykkjer at det gjer.
Faren min sa ein gong til meg at å vere god i nynorsk betyr meir enn å vere god i bokmål. Han sa ikkje det for å smigre egoet til alle nynorskbrukarar i landet – tvert imot, ettersom han er nordlending – men fordi det å vere god i nynorsk automatisk gjer deg betre i bokmål. Det er faktisk heilt magisk, og eg anbefaler alle som stussar over stokkete setningar på bokmål å gi nynorsk ein sjanse.
Som journalistar er det vårt ansvar å vere i takt med befolkninga vi skriv for. Eg håpar at eg som nynorskbrukande journalist kan opne dører som elles har vore lukka for det skriftspråket som blei skapt med heile landet i tankane.
Ellisiv Tomasgard Raftevold (27) frå Hornindal
Eg kjem frå Hornindal, ein stad der fjella står støtt, språket står sterkt, og der eg lærte at både natur og ord har makt. Nynorsk har alltid vore skriftspråket mitt, og eg kan ikkje tenkje meg å formidle viktige saker på noko anna vis. For meg er nynorsk eit levande og vakkert språk, med ei kraft som kan nå folk både i hjarta og i tankane.
Som utdanna marinbiolog har eg spesialisert meg på dei små, ofte oversette skapningane i havet, dei utan stemme, men med stor betydning. Eg har lært kor viktig det er å sjå det som ligg under overflata, bokstaveleg talt. Den erfaringa vil eg ta med meg inn i journalistikken: å leite etter det som ikkje ropar høgast, men som fortener å bli høyrt.
Eg er nysgjerrig av natur, likar å stille spørsmål og trivst best når eg får grave meg ned i eit tema og prøve å forstå kvifor verda er slik ho er. Eg søkjer ofte ut i naturen, gjerne med fiskestong, kamera eller kikkert i handa, på leit etter fuglar, dyr og ro. Har eg ein kaffikopp i handa og ei god bok, har eg alt eg treng.
Klima- og naturkrisa er vår tids viktigaste sak. Eg vil vere ein journalist som stiller dei store spørsmåla, men også dei rette spørsmåla, som ser samanhengar, utfordrar makta og formidlar kunnskap på ein forståeleg og engasjerande måte. Media er den fjerde statsmakta, og eg trur det er heilt avgjerande for demokratiet vårt at journalistar tek rolla si på alvor.
No vil eg bruke fagkunnskapen min, nysgjerrigheita og kjærleiken til nynorsk til å formidle historier som betyr noko. Eg håpar å kunne bidra til å styrke nynorsken i media og samstundes gi ei stemme til naturen, havet og alle dei små skapningane som gjer verda vår mogleg.
Therese Olset Solheim (30) frå Askvoll

Eg har alltid vore nysgjerrig, glad i å prate med andre menneske og utruleg glad i å lese og skrive. Det er nokre av grunnane til at eg byrja på ein bachelor i historie i Sogndal. Heldigvis så stoppa ikkje nysgjerrigheita og skrivegleda der, då eg fortsette på ein master i kulturmøte som eg no er i siste innspurt av.
Eg er elles heilt sikker på at eg er av den typen som kan fortelje om historiske hendingar med eit engasjement som til og med får søvnige forelesarar (for ja, dei finst) til å vakne, eller kanskje eg tyt så lenge at dei vurderer å investere i ei ekstra kaffikanne.
Å vere sjenert veit eg ikkje kva er, noko som eg absolutt tenkjer er ein fordel – i denne samanheng. Humøret er aldri noko å seie på, spør du meg. Eg er ein utruleg sosial person.
På fritida er eg mykje med venner og familie; «stakkarane» står ofte i fare for å bli utsette for historiske «funfacts» som dei absolutt ikkje har spurt om.
Eg set pris på gode samtalar og sosiale samlingar. Eg er av natur interessert i menneske og korleis dei har det, korleis dei ser verda og kva for meiningar dei har. Eg har eit stort hjarte for dyr. Eg har alltid vore aktiv med ulike typar idrett, men dei seinare åra har eg vore mest glad i fjellturar, trening og spesielt reising.
Det å oppleve nye plassar og møte nye menneske er tipp topp! Her må det seiast at eg likar reising med komfort. Telt og hengekøye-turar er uaktuelt – SÅ eventyrlysten er eg ikkje!
Samtidig har eg hobbyar som får meg til å høyrast ut som besta på 85; eg elskar blant anna å grave så langt bak eg kjem i gamle dokument, og til tider lurer eg på om eg kanskje veit meir om mine forfedrar enn det dei gjorde sjølv.
Eg har gjennom mi studietid hatt eit mål om å få arbeid innanfor journalistikk når eg er ferdig utdanna, derfor er eg utruleg heldig som får moglegheita til det no.
Det å få møte nye menneske, oppleve nye plassar, stille spørsmål, lære nye ting, høyre mange nye meiningar, og ikkje minst få skrive (nynorsk sjølvsagt) – det gler eg meg til!
Selma-Lynn Finne (28) frå Oslo

Så er det jo slik at som levande tidsvitne i eit samfunn der det tek til å bli fleire som skriv enn som les, har eg ikkje kjent på noko hastverk med å få publisert mine eigne tekstar. Men tillitserklæringa eg no får av dei tilsette ved avissenteret, gjer at eg kjenner ein hunger og eit ansvar for å bruke røysta mi til noko meiningsfylt.
Yrkeslivet mitt så langt er eit brokete bilde. Eg har jobba som bartender, TV-tekstar, lærar, symjeinstruktør, yrkessjåfør, au pair, og på golvet i avfallsbransjen. Eg har lese og skrive mykje, men tidlegare har eg vore for oppteken av å skrive og lese livet sjølv, til at skrivinga har peikt seg ut som ein yrkesveg. No har eg, ei Oslo-jente som knapt har vore vest for Drammen, fått høve til å gå journalistopplæringa til Nynorsk avissenter. Det er eg veldig takknemleg for.
Det kjennest viktig å ivareta nynorsk i ei tid der norsk kultur og språk blir, for å seie det litt dramatisk, angripe frå alle kantar. Som dei fleste unge bokmålsbrukarar såg eg lenge på nynorsk som tvang, men fekk auga opp for nynorsk då vi las Leikvolls «Fiolinane». Hans lågmælte, vakre nynorsk skapte ein etos eg ikkje fekk til å samanlikne med noko eg hadde lese tidlegare. Seinare forelska eg meg i Fløgstad, og dei vakre, mystiske krimromanane han skreiv under pseudonymet K. Villun. Å skrive på nynorsk for meg er å skrive på eit anna språk – det blir vanskelegare å vere morosam, velforma og presis. Eg trur det er nett denne utfordringa som pirrar meg. Eg må vere til stades.
Sara Lie Hegre (32) frå Bergen
Eg er bergensar, men har vore på flyttefot dei siste åra. Først til Trondheim, og så til Tromsø. Eg har fagleg bakgrunn frå allmenn litteraturvitskap på UiB og har teke emne innan marknadsføring på UiT.
Med interesse for litteratur og tekstarbeid valde eg å kombinere studium med arbeid i tidsskrift både i Trondheim og Bergen. Det var til tider stressande, men det var også ei kjekk og lærerik oppleving.
Eg har også ei stor interesse for foto og ser på kameraet som ein god turkamerat når eg strevar meg opp på ein fjelltopp. I jobben som ekstrahjelp hos Japan Photo har gode kollegaer lært med mykje om kamera, utstyr og bilderedigering.
Eg har alltid vore nysgjerrig på journalistikk. Eg likar å halde meg oppdatert på nyheiter i aviser og å sjå på dokumentarar med ein kopp te i handa. No ønsker eg å utvikle skivekunnskapen min, og å ta del i samfunnsoppdraget journalistane har. Eg likar å utforske det ukjende, få nye opplevingar og kaste meg ut i ukjende situasjonar. Av og til kan det verke litt skummelt, men når eg gjer det likevel, har eg aldri angra.
Eg veit det vil ta tid, men gjennom læring og utvikling har eg som mål å ein dag frå prøve meg som gravejournalist.
Nynorsken fekk eg sansen for på vidaregåande då vi las Are Kalvø og Halldis Moren Vesaas. Tekstane deira vekte lesegleda som fekk meg til å studere litteraturvitskap. No vil eg lære «alt» om nynorsk, og bruke språket.
Praktikantordninga til Nynorsk avissenter verkar som ein super plass for meg. Både for å lære journalistikk, og å skrive og lese på nynorsk.