Close

Om fjell og førdianarar

Del innlegg

Over eit fjell, gjennom ein tunnel. Over ei bru – og så vidare. Det song Vilde og Anna ein gong i MGP jr. Og det var alt eg visste om Vestlandet før eg kom til Førde.

Dei siste fire åra har eg budd langt nede på kontinentet. Nærare sagt i Tyskland. Eg måtte lære eit nytt språk, ein ny kultur og nye folk å kjenne.

Og fire år seinare står eg i same situasjon igjen. Fram til no har eg jo aldri sett føtene mine på vestlandsk jord.
Språket er òg heilt nytt. Nynorsk har aldri vore hovudmålet før. Men det ligg nok mykje nærare mitt trønderske talemål enn det eg har trudd. I alle fall nærare enn det språket eg har snakka dei siste fire åra.

I Tyskland finst ikkje så mange fjell eller tunnelar. I alle fall ikkje der eg budde midt i Tyskland. Men i sommar har det vore flaum ikkje så langt unna. Og det er kanskje ikkje så ukjent her på Vestlandet.

Vestland fylke fanst ikkje då eg sette meg på flyet til Tyskland for fire år sidan. Senterpartiet hadde ti mandat på Stortinget. Og munnbind brukte ein berre på sjukehuset. Mykje var annleis den gongen.

Desse sakene pregar det nyheitsbildet eg skal vere med å dekke. Spesielt no i valkampen. Men eg håper de sunnfjordingar har andre godbitar å diske opp med utover dei meir alvorlege nyheitssakene.

For no når eg har tatt turen opp til Førde saman med dei tyske bubilturistane, er eg svolten på opplevingar. Og då er eg nok på rett plass. Eg gler meg til å leve her blant fjell og førdianarar.