Close

Korleis fungerer lynopplæringa vår? Her er 12 spørsmål og svar

Del innlegg

Nysgjerrig på tilbodet vårt, men usikker på om det er noko for deg? Her får du svar på det meste du måtte lure på!

– Kva sit eg att med etter seks månadar hos Nynorsk avissenter?

Det grunnleggande av nødvendig teori, mange publiserte saker og solid mengdetrening i journalistisk arbeid.

Gjennom løpet vil du få kurs frå fagfolk og erfarne journalistar om mellom anna foto, videoredigering, presseetikk, intervjuteknikk , gravejournalistikk, språk og bruk av ulike dataprogram – alt du treng for å jobbe som journalist.

Flesteparten av dagane vil likevel bestå av jobbing som journalistpraktikant. Du kjem til å sitte att med mykje erfaring frå den reelle journalistkvardagen. Du vil få bryne deg på eit spekter av ulike saker, frå små nyheitsmeldingar til større reportasjar eller graveprosjekt. Alle sakene du lagar blir publisert i Firda.

– Korleis er utdanningsløpet lagt opp?

I starten blir det tett mellom kursa, men nokre veker uti løpet vil du få prøve deg i felten. Vi samarbeider tett med avisa Firda, som betyr at du får lage saker frå tidleg av, sjølvsagt med god hjelp og rettleiing frå lærarane på avissenteret. Du vil truleg skrive di første sak eit par veker uti løpet. Alle sakene du lagar, kjem på trykk i Firda.

Månad nummer tre og fire består av intern praksis, som betyr at du jobbar som journalistpraktikant i avisa Firda. Lærarane frå avissenteret er sjølvsagt framleis tilgjengelege, dersom du treng rettleiing. Det vil framleis vere nokre kursdagar, men færre enn i første perioden.

Dei siste to månadane byr på ekstern praksis, som betyr at du skal jobbe hos ei valfri avis/mediehus som praktikant. Lærarane frå avissenteret vil framleis vere tilgjengelege, men på dette stadiet er du blitt såpass sjølvgåande at du ikkje treng mykje rettleiing lenger.

– Kan eg ha ekstern praksis kor som helst?

Så lenge dei tillet at du skriv på nynorsk, gjer vi det vi kan for å få det til. Du kjem med ønske om kor du vil jobbe. Dersom det lar seg gjere for avisa/mediehuset å ta inn praktikant, får du ha ekstern praksis der. Dei fleste får ønsket sitt innfridd, men sidan det avhenger av ein tredjepart, kan vi aldri love noko.

Vi har sendt praktikantar til alt frå mindre lokalaviser til Klassekampen, Nationen, Dag og Tid, TV2 og Bergens Tidende – og har fått godt rykte på oss for å sende sjølvgåande og driftige folk!

FELTARBEID: Du blir raskt kasta ut i journalistkvardagen.

– Kvifor er ein nøydd å bruke nynorsk som praktikant hos oss?

Nynorsk avissenter er ei stifting der føremålet er å styrke journalistikk på nynorsk. Det er dette som ligg til grunn for tilskotet vi får frå Kulturdepartementet, som gjer at vi kan eksistere. For at vi skal lukkast med føremålet vårt, er vi naturleg nok nøydd å lære opp nynorskbrukande journalistar.

– Kven passar lynopplæringa for?

• Dei som ikkje har tid eller høve til å studere i tre år
• Dei som lærer best av å gjere, og ønsker ei meir praktisk tilnærming enn høgskulen tilbyr
• Dei som ønsker å omskulere seg frå eit heilt anna yrke
• Dei som har fullført ei anna utdanning, men vil bli journalist

Om du har studert eller jobba med noko heilt anna, og bygger på med Nynorsk avissenter si opplæring, kan du tilføre journalistikken ein sjeldan kompetanse som kan gjere deg attraktiv.

Ein omskulert sjukepleiar vil kunne skrive om helsesektoren på ein heilt annan måte enn andre. Det same prinsippet gjeld juristar, økonomar, psykologar, språkvitarar, historikarar eller nær sagt alle utdanningar og yrkesgrupper.

Opplæringa vår krev at du er villeg til å utfordre deg sjølv og hoppe ut i nye ting på nærmast dagleg basis. Det er ikkje for alle, men dei som likar slike utfordringar kan få mykje ut av dei seks månadane.

– Kan ein jobbe som journalist utan journalistutdanning frå høgskulen?

Journalist er ikkje ein beskytta tittel, som betyr at ein ikkje treng noko spesiell utdanning for å jobbe som det. Det med andre ord mange vegar til målet.

I teorien kan ein få seg jobb utan noko form for utdanning i det heile, så lenge du klarer å overbevise ein arbeidsgivar.

– Journalistikk på høgskulen er ei treårig utdanning. Kva går eg glipp av ved å ta lynkurset til Nynorsk avissenter?

Tar du bachelor i journalistikk får du gått meir i djupna i teorien til dei ulike journalistiske faga og truleg ei mindre bratt læringskurve. Du vil også få gjennomført større øvingsprosjekt som er meir tidkrevjande enn vi har plass til i løpet vårt.

– Kva vil det seie at det er lønna opplæring?

Vi utbetaler praktikantløn på cirka 17.000 kroner den 25. kvar av dei seks månadane i opplæringa. Du blir ikkje rik, men som regel går det fint å overleve utan å grave djupt i oppsparte midlar.

– Korleis er jobbmoglegheitene mine etter kurset?

Vi har godt rykte på oss, som gjer at du stiller sterkt etter fullført kurs. Vi erfarer at arbeidsgivarar i mediebransjen set stor pris på praktisk erfaring og evna til å gå laus på arbeidet effektivt og sjølvstendig. Dette er eigenskapar du sit att med etter kurset vårt.

Av tidlegare praktikantar jobbar (per 2023) like over 50 prosent innanfor journalistikk og 20 prosent med kommunikasjon. Resten har byta beite til undervising, vidare utdanning eller andre yrke.

Å få seg jobb i mediebransjen er ikkje alltid enkelt. Men dersom du ønsker å bli journalist, vil du truleg få deg ein jobb så lenge du er villeg til å starte med eit vikariat og ikkje er låst til eit veldig lite geografisk område.

– Korleis skal eg finne meg stad å bu i Førde?

Vi hjelper deg med å få kontakt med utleigarar. Det er blitt ein «tradisjon» at tre av praktikantane bur i ei leilegheit som folkehøgskulen leiger ut rimeleg. I tillegg kan vi sette praktikantane i kontakt med andre som leiger ut hyblar for ein eller fleire.

– Kva er det å gjere på i Førde?

Førde kan tilby det meste ein finn i storbyen, berre i litt mindre omfang og format. Du finn eit rikt tilbod av kaféar, restaurantar og butikkar her.

Byen er omringa av fjell, fjordar og flotte naturopplevingar for dei turglade. Kulturinteresserte kan reise på kunstmuseum, quiz, teater, dansekurs eller jamlege konsertar, alt frå jazztrioar til Sigrid til country,

Elles finst det amatørteatergruppe for vaksne, eit stort fotballmiljø, eit mylder av idrettar og eit nettverk kalla Sunnfjord U40, der alle under 40 år kan melde seg inn og delta på jamlege arrangement. Sistnemnde arrangement femnar om alt frå kurs i aksjesparing til toppturar.

Det finst noko for einkvar smak!

– Hjelp, eg kan ikkje flytte til ein ny, ukjend by heilt åleine?

Ingenting å frykte! Sidan kvart kull består av fem praktikantar, vil du vere del av ein gjeng frå dag éin. Som regel er de fleire i same båt. Praktikantane pleier som regel å finne på kjekke ting ilag, på eigen insj. Du vil nok ikkje mangle moglegheiter til å vere sosial!

Elles kjem du til å bli godt kjend med dei tilsette i Firda. Avisa held til i same bygg som Nynorsk avissenter. Når de jobbar i praksis, sit de side om side med journalistane i avisa.

Du kjem også til å bli kjend med praktikantane i søstertiltaket NRK Nynorsk mediesenter, som held til rett ved sida av Nynorsk avissenter. Fleire av kursa blir felles med dei, og det blir også nokre sosiale samankomstar med NRK-praktikantane.

– Noko meir du lurer på, som vi ikkje har dekka her? 

Send ein e-post til ingunn.osland@firda.no, så svarer vi deg.

 

Søke plass? 

Første ledige plassar: Kull 23 hausten 2024. Søk innan 15. april.

Skriv ein søknad der du fortel om deg sjølv og kvifor du vil bli nynorskpraktikant. Søknaden skal innehalde vitnemål, CV, attestar og referansar.

Aktuelle kandidatar vert kalla inn til konferanse. Send søknad på e-post til dagleg leiar Ingunn Osland: ingunn.osland@firda.no

GJENGEN: Som praktikant blir du del av eit kull som brukar mykje tid saman.