Close

Drukkenskap, dårskap og hovmod

Del innlegg

Det hende i dei dagar … Nei, vent no lite grann. Jula er vel strengt tatt over no? Det er jo ikkje slik at den varer heilt til påske, for imellom kjem jo fasta. Og den ventar eg på.

No er jo ikkje eg spesielt religiøs av meg. Likevel har oppveksten min på Karmøy, sjølvaste beltespenna i bibelbeltet, innprenta ei viss fromheit i meg. Og så er eg jo trass alt innkvartert på ein kristen folkehøgskule, så ei religiøs vinkling synest eg er på sin plass. Høyr ei likning:

Fasta er jo perioden prega av botsmål, og etter mindre enn ei veke i Førde har eg allereie fleire synder å bøte for.

Mi første synd var hovmod.

Med godt mot og store forventingar pakka eg bilen og staka ut kursen frå Bergen til Førde.

32 vintrar i mildt kystklima har tydelegvis gjort meg dårleg rusta for sprengkulda. Lite visste eg at piggfrie vinterdekk ikkje var tilstrekkeleg for den harde vinteren eg hadde i vente. Dermed gjekk det slik det måtte gå. Eg køyrde meg fast. Bom fast. Same kva eg prøvde, fekk eg ikkje fri bilen. Heldigvis var eg allereie framme ved min «ringe bolig», Haavetun. Problemet vart utsett til neste dag, og vaktmeisteren fekk ein brå start på dagen. Heldigvis tok han det med godt humør. Dessutan er det jo ikkje så dumt å vera på førenamn med vaktmeisteren.

Herifrå kunne det vel berre gå oppover? Men nei.

Mi andre synd var drukkenskap. Etterfølgt av dårskap. Og igjen, hovmod.

Etter ein fuktig tacokveld med mine medpraktikantar fann me ut at me skulle utforske utelivet. Taxi vart bestilt, og me stimla oss ute på tunet. Eg helsa taxisjåføren og rosa han for hurtig ekspedisjon, korpå han svara: «English please!». På min beste engelsk tok eg til å idiotforklare for den erfarne taxisjåføren, som hadde både piggdekk og firehjulstrekk, korleis han skulle unngå å setje seg fast. Til stor forlysting for mine medpraktikantar. Vanvitet kulminerte med gapskratt og gapestokk då me sette oss inn i taxien. Sjåføren var lokal, og snakka flytande førdiansk. Kvelden vart ikkje betre av at alle uteplassar i Førde var stengde, så denne fredagskvelden vart rimeleg kort. Fullstendig galimatias.

Slik gjekk mi første veke i Førde. No har eg gått i den første grøfta, så no er det om å gjere å finne den andre. Den gylne middelveg kan vente.

Det er enno lenge til fasta, og eg gjer meg truleg skyld i nokre fleire synder før oskeonsdag står for døra. Fasta mi kjem snart nok, og den blir asketisk.

Mi botsgjerning skal vera journalistikken og nynorsken, før påskemorgon sløkkjer sorga.