Close

Kulturministeren på besøk

Kulturminister Lubna Jaffery og dagleg leiar i Nynorsk avissenter, Ingunn Osland.

Del innlegg

– At aviser skriv nynorsk er heilt avgjerande for å ta vare på språket vårt, sa kulturminister Lubna Jaffery då ho besøkte Nynorsk avissenter.

Nynorsk avissenter er ei stifting som i hovudsak er finansiert frå kulturdepartementet, og er eit nasjonalt opplæringstiltak. Derfor var det ekstra stas å få besøk av Lubna.

– Kulturministeren var godt orientert om korleis vi jobbar, og  uttrykte at ho var imponert over det vi får til. Veldig kjekt å få slike tilbakemeldingar, seier dagleg leiar Ingunn Osland.

– Vi fekk fortelje om korleis vi jobbar, kor viktig det er med samarbeid med Firda, Nynorsk mediesenter og andre naboar i Nynorskhuset. Og litt om kva dei tidlegare praktikantane jobbar med i dag, og kva rolle Nynrosk avisseenter spelar for nynorsken og det å lære opp nynorskskrivande journalsitar.

Engasjert

Statsråden snakka varmt om nynorsk og kor viktig det er at norske journalistar kan nynorsk, og brukar det i både nasjonale og lokale aviser.

Ho tok seg også tid til å helse på praktikantane, og var interessert i både kvar dei kom frå, kva bakgrunn dei hadde, og kva framtidsplanar dei har.

Kulturministeren på besøk   Alle foto: Johan Knutsen