Close

Nye praktikantar på plass

Marita Liabø, Johan Knutsen, Eros Coratti og Oda Sundgot er klare for Førde.

Del innlegg

Onsdag hadde Marita Liabø, Johan Knutsen, Eros Coratti og Oda Sundgot sin første arbeidsdag i Nynorsk avissenter i Førde.

– Det er alltid spennande å gå i gang med eit nytt kull. Det ser lovande ut, seier dagleg leiar i Nynorsk avissenter, Ingunn Osland.

Vi held til i Nynorskhuset midt i Førde, der vi er naboar med «søsteropplæringa» NRK Nynorsk mediesenter. Allereie første dagen hadde vi felles kurs. Terje Gilleshammer (NRK) guida praktikantane rundt om i moglegheiter, utfordringar, historie, framtidsutsikter, gleder og konfliktar i Sogn og Fjordane. Ei inspirerande reise.

Praktikantane har også vore med på morgonmøta i Firda, og har blitt godt mottekne av dei som blir kollegaer denne vinteren og våren.

– Etter berre eit par dagar føler vi som jobbar her at vi er begynt å bli kjende med dei nye praktikantane. No gler vi oss til å hjelpe dei fram til å bli gode journalistar. Det skal vi bruke dei neste fire månadene på, seier Osland.

Dei første vekene har vi eit tettpakka program, mange kurs, mykje og sette seg inn i, og mykje å ta inn. I tillegg er det mykje sosialt. Målet er med heile vegen, gjennom ein hestekur i nynorsk og journalistikk skal desse fire bli nynorskskrivande journalistar før sommaren er over.

Om eit par veker vil også Firda sine lesarar oppdage dei nye skribentane i spaltene.

Fram til 1. mai vil Marita, Johan, Eros og Oda vere i Førde, og alt dei produserer vil bli publisert i Firda. I mai og juni vil dei vere i praksis i ei sjølvvald nynorskskrivande avis.

Kjell Ove Nordeide guida dei nye praktikantane rundt i Førde.