Close

Malene heiv seg rundt, søkte og fekk plass. I dag jobbar ho i TV2

Del innlegg

Nynorsk avissenter har lært opp 97 journalistar på 11 år. Du kan bli den neste. Alt du treng å gjere er å søke innan 15. april. Vi er klare til å gje deg ein hestekur i journalistikk, med lønn. Seks månader seinare er du klar for jobbmarknaden.

Malene Indrebø-Langlo frå Florø starta i avissenteret i Førde då ho var 21. Med seg hadde ho freds- og konfliktstudiar, og utveksling i India. Søknaden skreiv ho frå eit gjestehus i Nepal medan ho backpacka i Asia.

– I dag er eg reporter på Innenriks Bergen hos TV2-Nyhetene, der eg også vikarierer som programleiar på TV2 Nyheiter. Draumejobb

Ho kjende fort at ho var kommen på rett plass då ho starta i jobben.

– Eg elska at kvar dag var ulik, at jobben var å snakke med folk, formidle og vere vaktbikkje. Tenk at eg kunne ringe kven som helst og spørje om kva som helst!

Bli journalist?

Pernille Ekornrud Grøndal starta på NA hausten 2023. 1. mars var ho ferdig i praksis i Dag og Tid. Der fekk ho tilbod om vikariat fram til sommaren. Og deretter fekk ho sommarjobb i Klassekampen. Om opplæringa i Førde seier ho:

– Vi vert kasta ut i journalistikken frå første veke. Vi har også blitt veldig godt mottekne av dei andre journalistane i redaksjonen.

Praktikantane får omfattande kursing i alt frå nynorsk språk og grammatikk, til fotojournalistikk, intervjuteknikk og etikk.

– Kort sagt er praktikantordninga ved Nynorsk avissenter eit skikkeleg bra opplegg som eg anbefaler til alle som er engasjerte i samtidsaktuelle spørsmål, som likar å skrive og å ta bilete, og som vil lære masse på kort tid. Det viktigaste er at ein er engasjert, nysgjerrig og open for nye utfordringar – særleg det siste vert det mykje av, seier Pernille.

Og best av alt, legg ho til : – Vi praktikantar har blitt godt samansveisa på kort tid, og vi har det utruleg kjekt på jobb.

Nysgjerrig på kva Nynorsk avissenter har å tilby? Her er 12 spørsmål og svar.

Søke plass? 

Første ledige plassar: Kull 23 hausten 2024. Søk innan 15. april.

Skriv ein søknad der du fortel om deg sjølv og kvifor du vil bli nynorskpraktikant. Søknaden skal innehalde vitnemål, CV, attestar og referansar.

Aktuelle kandidatar vert kalla inn til konferanse. Send søknad på e-post til dagleg leiar Ingunn Osland: ingunn.osland@firda.no