Close

Så det er dette som er «ikkje opplett»

Del innlegg

I dag har det regna heile dagen. Eg har venta på at skyene skulle sprekke opp, men har pent måtta lære meg å sitje inne. Sist eg såg sola storma eg ut for å gå i fjella.

Der møtte eg ei dame på veg ned. Vi kom i prat om kva som opptok ho i Førde og som kanskje kunne vere ei sak for Firda. Eg tok journalistblokka fram, men ho berre lo og sa at det dei diskuterte rundt middagsbordet mest handla om kva for ein fjelltopp dei skulle klive opp på. Det har danna seg eit bilete i hovudet mitt på kva type menneske førdianarane er. Dei er fjellglade typar. Og dei er nokså spreke også. Stadig vekk blir eg overraska når dei seier alderen sin. Kanskje Gravvatnet rett og slett er ei ungdomskjelde, sjølv om namnet skulle tilseie det motsette?

Men i dag regnar det altså, og eg har lært kvifor førdianarane er så rolege typar. Dei veit å ta livet med ro fordi dei rett og slett er vane med å kjede seg. Når ein sit slik og kikar på regnet, får ein god tid til å tenkje. Det må ein tru at ein kan bli nokså roleg av. Men då eg sat slik og kika ut av vindauget, fekk eg sjå ei heilt anna side av førdianarane.

Ved den brusande fossen der nede ved sjukehuset stod det ein gjeng med gutar iført badebukse. Eg sat som fryst av det fryktinngytande synet. Eg høyrde rumlinga frå fossefallet heilt opp til der eg sat, og mellom trea kunne eg skimte det brune, rasande vatnet. Dette kunne ikkje gå bra. Reine sjølvmordsforsøket. Eg venta på at nokon av kameratane deira skulle varsle politiet, og eg gjekk for å lage meg ein kopp te. Men eg klarte ikkje å roe meg. «Eg tek den koppen når eg er kommen opp igjen», tenkte eg.

Nede ved fossen blei eg møtt av ein glad gutegjeng som stolt viste seg fram. Dei ville gjerne posere og insisterte på at eg skulle filme korleis dei hoppa uti og blei dregne av straumen. Eg vart mållaus. Det viser seg at førdianarane også er galne.

Eg kan ikkje skryte på meg at eg allereie no, etter berre ei knapp veke, kjenner denne urbefolkninga, førdianarane. Kven veit kva nye sider eg vil oppdage i morgon? Eg håper berre at det kanskje blir litt opplett.