Close

Eg er ein annan

Del innlegg

Eg var ikkje ho som snakka høgast i klasserommet. Eg ville berre skrive. Men i mi tid i Oslo-skulen klarte eg å sabotere nynorsken min fullt og heilt. Men så byrja eg etter kvart å få auga opp for nynorsk poesi. Dei vakraste dikta om kjærleik, dei gjer seg ikkje like godt på bokmål.

Det fekk eg sårt erfare då eg som femtenåring sende eit anonymt kjærleiksbrev til ein gut på skulen, delvis inspirert av Jon Fosses novelle «Eg kunne ikkje seie det til deg».

For å gjere ei lang historie kort: Mora til guten fann brevet i postkassa. Ho trudde det var skrive av ein farleg, vaksen forbrytar som var ute etter sonen hennar. Politi, barnevern og norsklærarar blei sett på saka. Dei konkluderte med at det heile dreidde seg om «ein ufarleg skrivesjuk tenåring som trudde ho var fleire personar i ein».

Eg blei blottlagt. Der og då bestemte eg meg for å aldri meir skrive om dei store tinga … på bokmål.

Når eg skriv, blir eg ein annan. Når eg skriv for noko som er større enn meg sjølv, er eg ikkje lenger Kristiane med gul saueliknande jakke. Eg blir som ulven, Lucky, som ingen kan fange og ingen kan flå. Eg vil bli journalist fordi eg vil jakte med pennen, blikket og røysta.

Eg skal i alle fall klare å røre litt rundt i Førde-gryta før eg forlèt dykk. Ikkje med ei rive eller ein sopelim frå det virusråka Austlandet, men med ein penn og eit videokamera.

PS. Eg søkjer ein kjærast.

PP. S Eg har testa negativt!