Close

Alle gode ting er 33?

Del innlegg

Mine venner har einebustad, fast jobb, bil og to ungar. Eg – eg får stipend og bur i kollektiv på Solvang. Litt trasig, tenkjer kanskje du? Ganske fantastisk, tenkjer eg!

For kven av mine venner kan hive seg rundt og søkje praksisplass i Firda berre fordi det høyrest kjekt og spennande ut? Ingen. Kven av mine venner kan ete taco i senga åleine ein tysdagsettermiddag fordi dei fekk lyst? Ingen. Og kven av mine venner kan seie at dei ikkje anar kva dei driv med om eit halvt år? Truleg ingen.

Sjeldan har eg vel følt meg så ung til sinns som eg gjer no! Eg får leve livet til ein 23-åring med hovudet til ein 33-åring. Ti år yngre på ti veker. Det er reine anti-age-produktet og tidsmaskina på same tid. Som om eg lever i eit parallelt univers der eg slepp å ta stilling til min eigentlege alder. Tilbake er tida med di og mi hylle i kjøleskapet, vaskelister og overdrive prismedvit. Til samanlikning har mine venner matkasse, vaskehjelp og sparar i fond. Medan dei berre kan drøyme seg tilbake til dei glade 20-åra, får eg sjansen til å leve dei på ny.

Skilnaden er at det er først no eg er vaksen nok til å setje pris på det.