Close

I eit halvt år var eg svikar

Del innlegg

Mi avishistorie begynner med ein tilfeldig deltidsjobb for mange år sidan. I mine heilt unge dagar las eg sjeldan avis. Den blei stort sett brukt til å jage fluger med, og til å fyre i omnen. Men kveldane på trykkeriet med avissverte på hendene og høge bunkar med nynorskaviser har vore med på å føre meg hit i dag!

Då eg var ferdig på vidaregåande, skulle eg ut i verda. Eg flytta tre timar nord, heilt til Volda på Sunnmørskysten. Der var medieutdanninga god og fjelltoppane nesten like fine som på Jølster. Overtydd om at det var umogleg å få fast jobb som journalist, begynte 19 år gamle meg å studere det ein spådde var framtida i medieverda; PR og kommunikasjon. Journalistikk hadde eg ironisk nok på andreval.

Etter å ha klatra dei kulaste alpane på Sunnmøre, kom det ei tid eg var lei bygdelivet. Då søkte eg utveksling til eit universitet med 37.000 fleire medstudentar enn sambygdingar heime i Astrups rike. Klar for å erobre verda flytta eg til Los Angeles for å lære om det amerikanske medielandskapet. Sjølvsagt med Nynorskens skog og rødbrus, kaviar og litt sumaragurk i kofferten. Brunosten var også med, men nynorsken måtte ligge igjen heime i eit halvt års tid. Skikøyring på toppen av Rocky Mountains var stas, men ikke det same som skogsløypene i Bjørkelia. Etterkvart blei eg kjend med film- og musikkmiljøet i Hollywood og mingla med kjendisar. Sjølv meiner eg at A4-sunnfjordingar er trivelegare.

Vel attende i fjellheimen søkte eg sommarvikar som journalist. Eg tenkte det var interessant å prøve den andre sida av kommunikasjonsarbeidet også. I ei ny bygd, og i ei avis som eg ikkje hadde hatt kjennskap til utan deltidsjobben på avistrykkeriet. I løpet av sommarmånadane lærte eg meir enn å tolke sogningar og å skrive a-endingar. Det viste seg at tilværet som journalist var ganske mykje meir stas enn å lage kommunikasjonsstrategiar. Det er jo trass alt kjekkare å skrive om kommunestyremøte, kalvefødslar og kven som var på køntrien i helga!