Close

Heime ale – borte gale?

Del innlegg

Slik lyder eit gamalt sogneuttrykk, og som den heimfødingen eg er, var eg ikkje nett høg i hatten då eg køyrde gjennom Fjærlandstunnelen. På veg mot fire månader i Sunnfjord og bygdebyen som for meg har vore synonymt med sentralsjukehuset og Sparkjøp.

Den gamle kveldsbøna «Herre! Hent meg ikkje heim via Førde» gjekk gjennom hovudet, men no fanst det ingen tvil om at min heimveg til Leikanger og Sogn Avis går gjennom Sunnfjordbyen og Firda. Sjølv om eg har gått ein god skule i fotefara til Hans Arnesen og Terje Eggum i Sogningen, er det sunt å reisa ut for å få meir luft under vengjene.

Eg vart ikkje høgare i hatten av at gradestokken kraup stadig lenger ned frå nullpunktet heime på Hermansverk til under ti kuldegrader ved vegs ende i Førde. Men eg vart varmt motteken, både på avishuset Firda og av dei smilande og pratsame kassadamene på butikkane eg har vore innom. Det gjekk snøgt opp for meg at dette kan bli triveleg.

Eg er her for å læra og utvikla meg som journalist. Det fyrste eg må gjera er å leggja av meg a-infinitiven og byrje skrive på sunnfjordvis. Sånn, no er det gjort. Her vil eg gjere meg kjend på sunnfjordingen sine premissar. Mykje lærdom og opplevingar kan eg sjå fram til, men det viktigaste eg har erfart til no er at det faktisk går an å trivast i Førde.

Så er det nok meir sanning i det andre ordtaket: Borte bra – heime best.