Close

Førde, Firda, førarkort

Del innlegg

Eg har nekta for at eg kom til å skaffe meg førarkort i nesten ti år. Det var korkje eit ynskje eller eit behov for meg som vaks opp fysisk i Trondheim, og politisk i miljørørsla. Mykje har skjedd på dei ti åra. No har eg praktikantplass på Nynorsk avissenter, og dei krev førarkort.

Då eg flytta frå Trondheim, gjekk vegen til Latin-Amerika for skulegang og tolkearbeid. Nokon andre kunne organisere transport, so då trong ikkje eg førarkort. Vegen gjekk tilbake til Noreg og inn til hovudstaden for å studere på universitetet i Oslo. Då hadde eg heller ikkje behov for å ha førarkort, mest fordi eg omtrent ikkje hadde ting å flytte.

Då eg flytta til mi eiga leilegheit i fjor, klarte eg meg ogso, men berre fordi fine folk som hadde førarkort, hjelpte meg. Mengda bruktmøbel og -kvitevarer hadde det vore vanskeleg å få heim på anna vis. Sjølv om ein kan få med ein stol eller lita hylle på t-bana, er det litt vanskelegare å lure med seg eit fryseskap på trikken.

Å vere universitetsstudent under pandemien var i seg sjølv ille nok. Eg var ogso so heldig at eg opplevde alt frå Noreg sitt episenter. Det vart etter kvart mykje lengselsfull stirring ut av stovevindauga på den store verda som plutseleg var utilgjengeleg. Kommunen frårådde kollektivreising. I ein hovudstad med pandemitomme gater og førelesingssalar hadde eg tre heimekontorsemester på rad, med lunken kaffi og traust pensumlesing åleine.

Etter kvart kom eg til eit punkt der eg var viljug til å gjere omtrent alt for å unngå endå eit isolert heimekontorsemester. Å lære nye ferdigheiter vart viktigare for meg enn endå eit semester med teori eg ikkje visste korleis eg skulle nytte. Journalistikken vart ferdigheita eg valde å satse på. Med øving i journalistisk skriveform, nynorsk grammatikk og biletetaking på Nynorsk avissenter i Førde kom ogso kravet om å skaffe førarkort. Sidan eg allereie har tatt bybussen feil veg minst ein gong, må eg innrømme at det kravet er heilt greitt.