Close

Med historie i glaset

Del innlegg

Eg har så vidt landa ein fot i Førde før eg får beskjeden om å skrive ein tekst i avisa. Ein petit – altså ein kort tekst. Med den andre foten framleis planta i vindruene er alt eg kan tenke på Chablis. Etter nokre gode år som tilsett i polet er det enkelte ting ein ikkje kan komme utanom.

I fjor var eg eigentleg ganske heldig. Medan alle andre måtte på heimekontor, fekk eg lov til gå på jobb. Visst var det eit privilegium å få komme seg ut av huset og treffe folk, og sjølv heime på Sunnmøre var dei ikkje gjerrige på ord. Eg skulle så gjerne hatt endå meir tid til å høyre på historiene dei kom med. Brått gjekk det opp eit lys, det var nemleg desse historiene eg ville ta tak i.

Interessa mi for kommunikasjon er ikkje ei nyheit. Både kommunikasjon og media har vore hovudretten i studia, som det fram til no har vore litt uvisst kva eg skulle bruke til. Eg håper at de, førdianarar, lèt meg vidarefortelje dei gode historiene de sit på, om dei anten skulle vere ei ferskvare eller av meir godt lagra art.