Dagny Backer Johnsen, Gunnhild Lønning, Jesper Hommefoss Johnsen, Robin Leander Wullum og Solveig Høegh-Krohn. Det er dei fem heldige som kom gjennom nålauget og fekk plass i kull 17 ved Nynorsk avissenter til hausten. Tysdag 17. august møtest dei til første arbeidsdag i Førde. Der ventar fire intense månader med […]
Read More
Då søknadsfristen til kull 17 gjekk ut 15. april, hadde rekordmange søkt plass i Nynorsk avissenter. Søknad nr. 34 plinga inn i e-posten akkurat i det datoen skifte til 16. april. Dei som får plass på opplæringa til hausten, har verkeleg gått gjennom ei tøff finsikting. Kven dei fem er, […]
Read More
Eit nytt kull frå Nynorsk avissenter kunne i dag takke for seg i Firda-redaksjonen og sette kursen mot ekstern praksis i Ålesund, Oslo, Leikanger og Bergen. Etter triveleg avslutningsfest på hytta til lærar Ingunn Osland kvelden i førevegen var det tid for utveksling av talar og gåver i lunsjen i […]
Read More
Nettavisa Porten har tilsett Bjørn Sølsnæs (26) i fast stilling som journalist frå juli. Då er Bjørn akkurat ferdig med sine seks månader i kull 16 i Nynorsk avissenter. – For meg er det lokaljournalistikken som er målet i seg sjølv. Eg brenn for det å vere tett på folk […]
Read More
Hanna Torsdotter Husabø har første arbeidsdag på nyheitsdesken i Firda. Same morgon melder firda.no at to elevar i Førde har testa positivt for koronaviruset. Plutseleg har smitten komme nær. Praktikantane i Nynorsk avissenter begynte i to månader intern praksis i Firda-redaksjonen frå 1. mars. Det betyr at dei no arbeider […]
Read More
BERGEN: At eg fekk fast jobb akkurat der eg fekk det, har nok mykje å gjere med kvar eg spurde forsiktig om å få ein praksisplass og vart teken imot med opne armar. Av Martin Årseth Då eg skulle velje meg ein stad å ha praksisplass, hadde eg eit par […]
Read More
KNARVIK: Ein skulle kanskje tru at i ei lita lokalavis med berre ei handfull journalistar går det mykje i saker om Reidar sin nye traktor og at dei er tomme for mjølk på nærbutikken. Det var også det vi tenkte då vi starta i Avisa Nordhordland. Dette viste seg å […]
Read More
Då må du hive deg rundt. I dag er det berre ein månad att til søknadsfristen 15. april. Nynorsk avissenter søkjer etter deg som vil bli journalist og bruke nynorsk. I kull 17 er det plass for fem praktikantar, som får seks månaders opplæring med løn. Etter 16 kull har […]
Read More
31 år gamle David Sviland får skryt frå politisk redaktør Berit Aalborg: – David er iderik og har ei god forståing for avisprosjektet Vårt Land. Slik presenterer fagbladet Journalisten at David Sviland no går frå prosjektstilling til fast stilling som debattjournalist i Vårt Land. Politisk redaktør Berit Aalborg, som har […]
Read More
Eg har så vidt landa ein fot i Førde før eg får beskjeden om å skrive ein tekst i avisa. Ein petit – altså ein kort tekst. Med den andre foten framleis planta i vindruene er alt eg kan tenke på Chablis. Etter nokre gode år som tilsett i polet […]
Read More