Close

Klar for praksis i nord, aust og sør

Hanna, Bjørn, Severine og Kristiane er flygedyktige journalistar – klar for å få luft under vengene. Foto: Kjell Ove Nordeide

Del innlegg

Eit nytt kull frå Nynorsk avissenter kunne i dag takke for seg i Firda-redaksjonen og sette kursen mot ekstern praksis i Ålesund, Oslo, Leikanger og Bergen.

Etter triveleg avslutningsfest på hytta til lærar Ingunn Osland kvelden i førevegen var det tid for utveksling av talar og gåver i lunsjen i Firda i dag. Redaktør Kai Aage Pedersen rosa der dei fire i kull 16 som journalistar han gjerne ser tilbake i Firda i framtida. Men først skal dei i praksis i mai og juni, og deretter ventar sommarvikariat på tre av dei. Den fjerde har fått fast tilsetting.

Severine Jarnes reiser til Ålesund der det ventar praksis og sommarjobb i Sunnmørsposten. Kristiane Nerdrum Bøgwald får praksistida si i Oslo-redaksjonen til Framtida før ho reiser vidare til Trondheim for sommarjobb i NRK Trøndelag. Hanna Torsdotter Husabø får både praksis og sommarvikariat i kulturredaksjonen i Bergens Tidende. Bjørn S. Sølsnæs skal tilbake til Sogn, der det ventar to månader praksis i Sogn Avis før han startar som politisk journalist i Porten.

Med dei fire i kull 16 har 68 fått journalistopplæring i Nynorsk avissenter så langt. Samstundes som dette kullet forlet Førde er rekrutteringa av eit nytt kull godt i gang. Fem plassar står og ventar 16. august. Søknadsbunken tel heile 34 kandidatar. I første halvdel av mai vil det vere kjent kven dei fem blir.