Close

Mange konkurrerer om plassane – gode jobbutsikter

RETT I JOBB: Sofie Retterstøl Olaisen (i midten) er i dag NRK-journalist i Bodø, medan dei andre fire frå kull 15 er tilsette i Firda i Førde. Frå v. Taline Vinjevoll Årdal, Natalie Liabø Hermansen, Synne Muren Olsen og Øystein Silde Frønsdal. Foto: Ingunn Osland

Del innlegg

Då søknadsfristen til kull 17 gjekk ut 15. april, hadde rekordmange søkt plass i Nynorsk avissenter. Søknad nr. 34 plinga inn i e-posten akkurat i det datoen skifte til 16. april. Dei som får plass på opplæringa til hausten, har verkeleg gått gjennom ei tøff finsikting. Kven dei fem er, vert kunngjort i starten av mai. 

Den store søknadsbunken stadfestar ein tendens dei siste åra. Etter svake søkjartal i 2017 har pilene peika jamt oppover. Det året kom det 28 søkjarar fordelt på to kull. Året etter søkte 33, og i 2019 var talet auka til 38. I 2020 tok veksten av, og det kom heile 55 søknader. Med 34 søknader no i april ligg det til rette for ny søknadsrekord for Nynorsk avissenter i 2021.

Rett frå opplæring ut i fast journalistjobb

I statusrapporten frå Nynorsk avissenter i februar står det at mange praktikantar siste åra har fått seg arbeid i mediebransjen etter kort tid. Det blir spennande å sjå om dette er eit blaff eller ein trend. Bransjen er i alle fall i dag på utkikk etter talent med den kompetansen som nynorskpraktikantane får i Førde.

I så måte var kull 15 eit særsyn. Dei fem var ferdige med opplæringa 1. mars, og alle er i dag i journalistjobb. Allereie under opplæringa skreiv fire av dei avtale om tilsetjing i Firda Media frå 1. mars. Firda-redaksjonen, som har gått gjennom eit generasjonsskifte, nytta her sjansen til å rekruttere lovande journalisttalent. Den femte i kullet er i dag journalist i NRK Nordland.

Sjølv om det som hende med kull 15 er eit særsyn, så skjer det kvart år at ein og annan praktikant får tilbod om journaliststilling medan praktikanten er under opplæring. Det vanlege er likevel at opplæringa er fullført før jobbtilboda kjem. Frå kull 14 er tre av fire i journalistarbeid i dag, og frå kull 16 har alle fire sikra seg avtalar for sommaren, den eine i fast stilling.

Flest i mediebransjen

Ei registrering ved siste årsskiftet fortel at to av tre tidlegare praktikantar i dag arbeider med journalistikk og kommunikasjon. Til saman 59 var i fjor ferdige med opplæringa i Nynorsk avissenter. 31 av desse hadde ved årsskiftet journalistarbeid, men heile 37 dersom vi reknar med dei som hadde journalistikk som deltidsjobb/frilans. Det gir ein andel på 62,7 prosent.

Slik fordeler dei 59 tidlegare praktikantane seg (prosent i parentes):
● Journalist: 31 (52,5)
● Journalistikk deltid: 6 (10,2)
● Kommunikasjon: 9 (15,3)
● Lærar: 5 (8,5)
● Student: 4 (6,8)
● Andre: 4 (6,8)

Klar overvekt av kvinner

Medrekna dei ni praktikantane i kull 15 og 16 har til saman 68 praktikantar vore tilsette i Nynorsk avissenter sidan starten i 2013.

Våren 2018 var det eit kull der fire av fire var menn. Deretter har det vore ei overvekt av kvinner i alle kull. I dag viser tala at det er dobbelt så mange kvinner som menn som har fått opplæringa.
● Kvinner: 45
● Menn: 23

Ser vi på geografien, hentar Nynorsk avissenter klart flest praktikantar frå Vestlandet. Frå Sogn og Fjordane åleine er det 23 som har fått plass. Søkjarane kjem frå Finnmark i nord til Agder i sør.

68 praktikantar fordelt på fylke:
● Vestland: 40
● Rogaland: 9
● Møre og Romsdal: 8
● Trøndelag: 4
● Viken: 3
● Nordland: 2
● Agder: 1
● Andre: 1

Heile statusrapporten (PDF) finn du under «Om oss».