Close

Dette er kull 17

Del innlegg

Dagny Backer Johnsen, Gunnhild Lønning, Jesper Hommefoss Johnsen, Robin Leander Wullum og Solveig Høegh-Krohn. Det er dei fem heldige som kom gjennom nålauget og fekk plass i kull 17 ved Nynorsk avissenter til hausten.

Tysdag 17. august møtest dei til første arbeidsdag i Førde. Der ventar fire intense månader med opplæring fram til jul før dei avsluttar med journalistpraksis i andre avisredaksjonar i januar og februar 2022.

Heile 34 søkte, og alle landsdelar var representerte i søknadsbunken, men etter finalerunden var det vestlendingar og trønderar som stakk av med plassane. Rett nok har to av dei i dag adresse i Oslo og éin i Tyskland, men Dagny og Solveig voks opp i Bergen, Gunnhild på Stord, Robin Leander i Trondheim, og Jesper ikkje så langt unna, i Børsa tre mil utanfor Trondheim.

Fellesnemnaren for dei fem er at alle er motiverte for ein hestekur i journalistikk og nynorsk. Faktisk har fleirtalet hatt bokmål som hovudmål, men dei er alle språkinteresserte og glad i nynorsk. Den eine bytte frå bokmål til nynorsk i 9. klasse. Meir om det i presentasjonen under:

Dagny Backer Johnsen (1992) frå Bergen

Dagny er utdanna skodespelar frå Westerdals i 2021. Som barn var ho med i mange stykke på Den Nationale Scene i Bergen. Ho har også spelt i mange filmar og tv-seriar. Hausten 2020 debuterte ho på Nationaltheateret i «Fruen fra havet» av Henrik Ibsen. Ho har også jobba bak kamera og liker å skrive. Dagny har eit ønske om å vidareføre den nynorske kulturarven og å arbeide for meir nynorsk i kultur og media. Dei sterke interessene hennar for menneske, språk, litteratur, nyhende og kunst, og dertil eit ønske om å bli journalist, gjer at ho vender nasen mot Førde.

Gunnhild Lønning (1997) frå Stord i Sunnhordland

Gunnhild voks opp på garden Lønning, der ho har bygt opp eit nært og kjærleg tilhøve til både dyra og naturen. For tida studerer ho ved Universitas Bergensis, der ho går femte og siste året på lektorprogrammet med master i framandspråk, nærare bestemt tysk. Undervegs har ho levert ei bacheloroppgåve i tilleggsfaget nordisk. Til sommaren kan ho dermed kalle seg nyutdanna lektor i tysk og norsk. Gunnhild har så lenge ho kan hugse, vore ein ihuga nynorskbrukar av det tradisjonelle slaget. No ser ho fram til å kringkaste det nynorske skriftspråket gjennom den journalistiske verksemda.

Jesper Hommefoss Johnsen (1998) frå Børsa i Skaun

Før han kjem til Førde skal Jesper levere bachelor i statsvitskap ved Philipps-Universität Marburg i Tyskland. Området stifta han kjennskap til gjennom ei kyrkjeleg utveksling i ungdomstida. Med unntak av eit halvt års opphald som praktikant på ambassaden i Berlin har han budd der i snart fire år. Siste gongen denne språkmektige trønderen skreiv nynorsk, var sidemålseksamen på vidaregåande. Men forkjærleiken til språk, politikk og samfunnsliv gjer han godt rusta for eit tilvære som nynorskpraktikant i Førde.

Robin Leander Wullum (1998) frå Trondheim

Robin Leander presenterer seg sjølv som ein 22 år gammal ikkje-binær person. Dei har vore aktiv i politikken sidan hausten 2011 og har vore innom mange ulike organisasjonar og saksområde det siste tiåret. Robin Leander har vore nynorskbrukar i åtte år og vart i 2021 kåra til «Nynorsktalent» av Nynorsk kultursentrum og Framtida.no grunna engasjementet for å nytte nynorsk i politisk arbeid. For tida held dei på med ein bachelorgrad i internasjonale studium med fordjuping i statsvitskap på Universitetet i Oslo. Som deltids-tolk brenn Robin Leander for å forvalte makta som ligg i språk og formidling på ein empatisk og ansvarleg måte, noko dei gler seg veldig til å lære meir om som praktikant ved Nynorsk avissenter.

Solveig Høegh-Krohn (1993) frå Bergen

Ho har alltid vore glad i å skrive, men Solveig var ikkje alltid klar på om det var journalist ho skulle bli. Ikkje før ho sette seg ned med masteroppgåva om klimajournalistikk i fjor. Tidlegare har ho studert retorikk og filmproduksjon og engasjert seg for miljø både i studentpolitikken og på fritida. Mellom anna nyttar ho Instagram til å engasjere andre om dei sakene ho meiner er viktig. Sjølv om Solveig for det meste har nytta bokmål, er ho oppteken av og glad i nynorsken. Det er røysta til dei få, og difor ei røyst som må høyrast, meiner ho. Til sommaren er ho ferdig som student på Universitetet i Bergen. No gler ho seg til å ta fatt på journalistyrket.