Close

Bjørn går rett frå praksis til fast journaliststilling

NY JOBB: Snart midtvegs i dei seks månadene i Nynorsk avissenter har Bjørn Sølsnæs slått til på tilbod frå nettavisa Porten. Som journalist der får han eit spesielt ansvar for den politiske dekninga. – Lokalpressa er det eg brenn for, seier Bjørn. FOTO: HANNA T. HUSABØ

Del innlegg

Nettavisa Porten har tilsett Bjørn Sølsnæs (26) i fast stilling som journalist frå juli. Då er Bjørn akkurat ferdig med sine seks månader i kull 16 i Nynorsk avissenter.

– For meg er det lokaljournalistikken som er målet i seg sjølv. Eg brenn for det å vere tett på folk og tett på livet deira, seier Bjørn til porten.no, som tilbyr han plass i dei nye redaksjonslokala i Sogndalsfjøra.

Fast stilling og politisk ansvar er midt i blinken

Der vil Bjørn få hovudansvaret for den politiske dekninga av regionen, noko som var sterkt medverkande til at han takka ja til stillinga. Ansvarleg redaktør Ola Weel Skram har kjennskap til Bjørn Sølsnæs frå før, og han kjenner også Nynorsk avissenter frå tida han sjølv tok opplæring i NRK Nynorsk mediesenter i Førde våren 2019. Til si eiga avis seier han dette om kvifor han valde å tilsetje Sølsnæs som politisk ansvarleg:

– Bjørn er ein ambisiøs og dyktig skribent som trass ung alder allereie har skaffa seg eit godt namn innan journalistikken i Sogn. Han vil tilføre staben ein ny dimensjon når det kjem til politisk tyngde, som eg er heilt sikker på at vi vil nyte godt av.

Sender ein varm tanke til Sogn Avis

Då Bjørn kom til Nynorsk avissenter 4. januar i år, hadde han bak seg eit par år i ei anna sogneavis, nemleg Sogn Avis i Leikanger. Dit skal han tilbake i såkalla ekstern praksis no i mai og juni. Avisa på heimstaden hans har hatt mykje å seie for at han valde journalistkken.

– For snart tre år sidan kom eg til Sogn Avis med to tomme hender, og eg er evig takksam for tilliten eg har fått til å vekse og utfalde meg der.

Hentar meir vidsyn og erfaring i Førde

Han set også pris på tida i Nynorsk avissenter: – Der har eg fått meir vidsyn og erfaring som gjev ekstra tyngd.

Den teoretiske og praktiske kunnskapen frå opplæringa blir god å ha i bagasjen når han får større ansvar i Porten. Han gler seg til å få levere god, balansert og frisk journalistikk, og sjølv meiner han at det blir viktig å få fram det interessante med livet i sognebygdene og å setje dagsorden.

Rolla som vakthund

Til porten.no kjem han med følgjande mål for den politiske journalistikken: Porten skal leve opp til pressa si rolle som vakthund.

– Vi skal gå i saumane på maktpersonar og politikarar, og ha eit kritisk blikk på alt som rører seg mellom fjordar og fjell. Men det er viktig at vi skal vere balanserte, ta den ekstra telefonen, og undersøkje sakene så godt vi berre kan.

Les meir om bakgrunnen til Bjørn her.