Close

Intens jobbing på desken

FIRDA-DESKEN: Frå v. Taline, Hanna og Natalie arbeider konsentrert med oppdatering på firda.no etter smitteutbrot på skule i Førde i dag.

Del innlegg

Hanna Torsdotter Husabø har første arbeidsdag på nyheitsdesken i Firda. Same morgon melder firda.no at to elevar i Førde har testa positivt for koronaviruset. Plutseleg har smitten komme nær.

Praktikantane i Nynorsk avissenter begynte i to månader intern praksis i Firda-redaksjonen frå 1. mars. Det betyr at dei no arbeider som journalistar på linje med dei andre i redaksjonen. Sist veke hadde Severine Jarnes sine første morgonvakter på desken. Alle fire skal få prøve seg der, og denne veka er det Hanna sin tur.

Der det skjer når det skjer

Det tar ikkje lang tid før Hanna får kjenne nyheitstrykket på pulsen. Faren for eit større smitteutbrot i Førde er reell. Mange er sett i karantene. På Firda-desken vert det jobba konsentrert og intenst med å følgje utviklinga og oppdatere lesarane. Hanna er ein av tre journalistar som jobbar under frontsjef David Antonsen denne formiddagen. Dei to andre er Taline Vinjevoll Årdal og Natalie Liabø Hermansen. Både Taline og Natalie var praktikantar i Nynorsk avissenter fram til 1. mars, då dei gjekk rett inn i journaliststillingar i Firda.

Bratt lærekurve

Lærekurva er bratt i Nynorsk avissenter. Det er tydeleg illustrert her. Berre sju månader etter at dei starta opplæringa i Førde, sit Taline og Natalie med stort ansvar i Firda-redaksjonen. Hanna har to og ein halv månad bak seg. Saman med Bjørn Sølsnæs, Kristiane Nerdrum Bøgwald og Severine Jarnes kom ho inn dørene til Nynorsk avissenter og Firda 4. januar. Det var stas då dei etter nokre veker kunne vise fram sine første saker på trykk i papiravisa. Då hadde dei for lengst publisert dei første nettsakene sine, og seinare har det knapt gått ein dag utan at ein av praktikantane har byline på firda.no.

To månader praksis i Bergen

Hanna har no tidlegvakter resten av veka og startar klokka 07.00 med å omtale alt frå vêrutsikter, politirapportar og hendingar til dagsaktuelle saker som hamnar på deskens bord. Lenger framme ventar praksis i ein annan avisredaksjon i mai og juni. For Hanna sin del blir det heim til Bergen og to månader i kulturredaksjonen til Bergens Tidende. Dei tre andre i kull 16 har fått avtalar i Oslo, Leikanger og Ålesund. Der skal Kristiane ha praksis i Framtida, Bjørn i Sogn Avis og Severine i Sunnmørsposten.

PÅ TRYKK: Stolt kunne frå v. Bjørn, Kristiane, Severine og Hanna vise fram at dei alle hadde fått saker på trykk i Firda 28. januar.