Close

Martin skal få Vestlandet ut i verda

STÅR PÅ: – Det er hardt å vere journalist, men det er betre enn å jobbe, påpeikar Martin Årseth i denne artikkelen. På eit lite tomannskontor i fjerde høgda midt i Bergen sentrum sit Klassekampens to utsende vestlendingar. Det vil seie, med koronareglar er den eine på heimekontor. FOTO: PRIVAT

Del innlegg

BERGEN: At eg fekk fast jobb akkurat der eg fekk det, har nok mykje å gjere med kvar eg spurde forsiktig om å få ein praksisplass og vart teken imot med opne armar.

Av Martin Årseth

Då eg skulle velje meg ein stad å ha praksisplass, hadde eg eit par alternativ eg såg for meg. Dei to andre hadde ikkje kapasitet til å ta inn nokon, men det hadde Klassekampen, som eg aller helst ville til. Eg var to månadar på kontoret i Oslo og arbeidde med ulike saker, eigne idear og andre sine, og vart kjent med eit nytt og spennande miljø. Det var og er den største redaksjonen eg har arbeidd i.

Får oslofolka til å bite på ideane

Den gongen hadde Klassekampen to journalistar i Trondheim og éin i Kairo. Men ikkje lenge etter oppretta dei lokalkontor i Tromsø og Bergen òg. Eg jobbar no ved det sistnemnde kontoret, der vi er to journalistar, begge nynorskskrivande journalistar, som utfordrar kvarandre språkleg og fagleg.

Vi arbeider stort sett med idear vi sjølv finn på, diskuterer oss imellom korleis vi skal leggje fram saker sånn at oslofolka bit på ideane våre. Det gjer dei ofte, for Klassekampen ønskjer stoff frå heile landet, som er heile poenget med å ha kontora. I innanriksavdelinga er vi elleve journalistar, og av dei er seks i Oslo og fem fordelt på dei tre kontora. Det er ei solid satsing for å vere til stades så mange stadar som mogleg.

Riksavis også i språket

Ønsket om å vere riksavis speglar seg også i språket, for i Klassekampen går nynorsk og bokmål hand i hand, og ingen er nokon gong vanskeleg overfor ein nynorskbrukar.

Så no sit eg her, fartar rundt på Vestlandet for å skrive om kommuneøkonomi, energipolitikk og andre ting eg synest er spennande. Eg får prøvd meg i mange sjangrar i tillegg til den vanlege nyheitssjangeren, som portrett og petitar.

Eg er lokalavisjournalist frå botnen, og det er på ein måte det eg er no, berre at eg skriv saker som skal vere spennande for heile landet.

Artikkelen er skriven av Martin Årseth til Statusrapport for Nynorsk avissenter. Martin var praktikant i Nynorsk avissenter kull 6 våren 2017.