Close

Fekk journalistjobb i same lokalavis

TO AV FEM: – Vi fann oss fort til rette i ein liten redaksjon, skriv Karoline Nordgulen (t.v.) og Synne Grimen Hammervoll i denne artikkelen. Dei to sogningane utgjer Nordhordland-redaksjonen saman med to journalistkollegaer og redaktør. FOTO: PRIVAT

Del innlegg

KNARVIK: Ein skulle kanskje tru at i ei lita lokalavis med berre ei handfull journalistar går det mykje i saker om Reidar sin nye traktor og at dei er tomme for mjølk på nærbutikken. Det var også det vi tenkte då vi starta i Avisa Nordhordland. Dette viste seg å vere eit grovt feilinntrykk.

Av Karoline Nordgulen og Synne Grimen Hammervoll

Avisa dekkjer heile Nordhordland og Gulen. Ved inngangen til 2020 vart storkommunen Alver til. Lindås, Meland og Radøy slo seg saman. Som dei fleste andre samanslegne kommunar har også Alver hatt sine veksesmerter. Med ein tøff økonomi, politiske utfordringar og eit næringsliv i utvikling har det ikkje mangla på spennande saker å skrive om.

Mykje å følgje med på

Sjølv om avisa dekkjer eit vidt område, er Alver kommune kjernen i regionen. Kommunen har nær 30.000 innbyggjarar og er ein av nabokommunane til Bergen. Med E39 tvers gjennom dekningsområdet er det mykje å følgje med på, både i trafikken og politikken. Her set bomringar sinna i kok, byutvikling av Knarvik og eit svært helsehus skaper stort engasjement, og oljenæringa i framtida vil bli eit viktig tema i åra som kjem.

I dekningsområdet til avisa er det heldigvis naturleg å bruke nynorsk. Vi kjem begge frå Sogn og synest at det er kjekt å kunne nytte hovudmålet på jobb. Hausten 2019 flytta Synne til Nordhordland etter å ha hatt praksis og sommarjobb i Sunnmørsposten. Karoline kom direkte frå Nynorsk avissenter som praktikant i januar 2020. Vi fann oss fort til rette i ein liten redaksjon beståande av unge og engasjerte journalistar. Det er eit stort pluss at vi jobbar så godt saman og har det kjekt på jobb.

Ekstra spenning og press

Det er ikkje berre Avisa Nordhordland som dekkjer Nordhordland og Gulen. Vi har ein konkurrent i avisa Strilen. Sidan begge avisene ofte skriv om dei same sakene, er det viktig å vere først på staden og først ute med saka. Dette skapar ekstra spenning og press.

Alle journalistane må skrive fleire saker kvar dag for at avisa skal nå måla sine. Som allround-journalistar må vi dekkje alle felt; politikk, næringsliv, krim, eigedom og meir. Det siste året har avisa også funne plass til større gravesaker. Det er med andre ord ein stor variasjon i stoffet vi skriv.

Lærer mykje

I mars slo pandemien innover landet og fann også vegen til Nordhordland. Alle vart sende på heimekontor, og vi måtte lære oss å jobbe på ein annan måte enn vi var vande med. Medan vi tidlegare kunne reise innom menneske, bedrifter og arrangement, måtte plutseleg alt føregå digitalt, både intervju av kjelder og kommunikasjon i redaksjonen.

Journalistlivet i Nordhordland er både hektisk og spennande. Ein lærer mykje av å skulle dekkje eit så stort område der det stadig skjer noko. Ikkje minst har det gjennom det siste året vore kjekt å sjå avisa få betre og betre resultat, som følgje av gode strategiar og godt samarbeid.

Artikkelen er skriven av Karoline Nordgulen og Synne Grimen Hammervoll til Statusrapport for Nynorsk avissenter. Karoline var praktikant i Nynorsk avissenter kull 13 hausten 2019, medan Synne Grimen Hammervoll var i kull 12 våren 2019.